Prinsesse Astrid er gått bort

Publisert i dag kl. 15:41

– Prinsesse Astrid synte gjennom eit langt liv ein eineståande lojalitet og tenestevilje. Våre varmaste tankar går til kongefamilien og dei etterlatne, seier statsforvaltar Else-May Botten. 

Kongehuset har sendt ut meldinga:

Hans Majestet Kongen har med stor sorg mottatt budskapet om at Prinsesse Astrid er gått bort. Prinsessen sovnet inn i dag, fredag 11. september, 94 år gammel.

Kong Haakon har beslutta at det skal flaggast på halv stong frå Slottsbalkongen i dag og på gravferdsdagen.

Regjeringa har beslutta flagging på halv stong frå alle statlege verksemder ut dagen i dag.

Også kommunale og fylkeskommunale verksemder blir oppfordra til å slutte seg til flagginga på halv stong i dag.

Ny flaggordre vil bli sendt ut i forbindelse med gravferda.