Rettleiing for søknaden

Oppdatert i går kl. 21:05

Her får du informasjon om kva søknaden om løyve etter forureiningslova må innehalde.

  • Ei kort oppsummering av søknaden.
  • Fakta om bedrifta og lokaliteten, i tillegg til kven som er berørt eller skal høyrast (inkludert naboliste).
  • Skildring av verksemda.
  • Skildring av korleis området er regulert etter plan- og bygningslova.
  • Oversikt over råvarer og hjelpestoff som blir brukt i mengder som kan ha betyding for miljøet.
  • Skildring av alle utslepp verksemda kan føre til, og kva konsekvensar dei kan ha for miljøet. Dette gjeld mellom anna utslepp til vatn, luft og støy.
  • Vurdering av miljørisiko knytt til aktivitetane og kva tiltak som skal redusere utsleppa.
  • Vurdering av om verksemda kan påverke verneområde, naturtypar, økosystem eller artar.
  • Kart, bilde, skisser eller liknande som viser anlegget og plasseringa av utsleppspunkta.
  • Energianlegg: type og mengde brensel som blir brukt, og innfyrt effekt (MW).
  • Verksemder som er omfatta av industriutsleppsdirektivet (IED): vurdering av aktivitetane opp mot gjeldande BREF-dokument og BAT-konklusjonar.
  • Søknader om endring av eksisterande løyve må innehalde ei tydeleg oversikt over kva vilkår eller punkt i løyvet det er ønske om å endre.

Følg vilkåra i løyvet og rapporter utslepp som avtalt. 

Hugs å søke om endring i løyvet dersom det skjer endringar i verksemda.

Ta kontakt med oss viss du har spørsmål om søknadsprosessen eller krava. Vi hjelper deg gjerne vidare. 

Vi behandlar søknader om utslepp og fører tilsyn med at verksemdene følgjer reglane.

Vi har ansvar for

  • behandling av utsleppssøknader og tilsyn med industribedrifter og avfallsanlegg
  • oppfølging av leveringsplikt for farleg avfall
  • kontroll av område med forureina grunn og gamle deponi
  • rettleiing og tilsyn med kommunane der dei har ansvar som forureiningsmyndigheit

Kontakt oss

Gi oss ei tilbakemelding
Fann du det du leitte etter?

Du har 400 teikn igjen.
Her svarer me ikkje, men treng du hjelp kan du bruka skjemaet sikker melding.
Me bruker svaret ditt til å gjera nettsida betre.