Næringsutvikling i landbruket

Oppdatert 3. februar kl. 12:10

Som bonde kan du gjennom ulike tiltak og innovasjon bidra til nærings- og samfunnsutvikling. Både klima, natur og folk kan vere målgruppe for tiltaka dine.

Inn på tunet er tilrettelagde og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Har du vurdert dette på garden din?

Tenestene skal gi meistring, utvikling og trivsel. Aktiviteten i tenestetilbodet er knytt opp til garden, livet og arbeidet der. For å bli ein godkjend Inn på tunet-gard, må føretaket gjennomføre ein godkjenningsprosess i regi av Stiftelsen Norsk Mat:
Slik blir du ein Inn på tunet-gard (inn-pa-tunet.no)

Les også meir om ordninga hos Landbruksdirektoratet: 
Inn på tunet (landbruksdirektoratet.no)

Har du vurdert urbant landbruk? Det er eit samleomgrep for matproduksjon i bynære område – og kan vere ein spennande veg inn i nye marknader og samarbeid.

Nokre døme kan vere skulehagar, parsellhagar, nabolagshagar, takdyrking og andelslandbruk.

Urbant landbruk kan mellom anna bidra til å utveksle kunnskap mellom landbruket og befolkninga, skape møteplassar mellom bonde og forbrukar i byen, og det kan gi landbruket fleire moglegheiter som tenesteleverandør til urbane strøk.

Les meir: 
Urbant landbruk (regjeringen.no)
Urbant landbruk (nibio.no)

Marknaden for lokalmat veks, og stadig fleire forbrukarar ønskjer trygg, smakfull og miljøvenleg mat. Dette gir gode moglegheiter for deg som driv med matproduksjon.​

Utvikling i næringa handlar ikkje berre om volum – det handlar også om kvalitet, tradisjon og lokal identitet. Lokal matkultur, spesialitetar, reiseliv, folkehelse og kompetanse er viktige brikker i dette biletet. Her har du som bonde ein unik posisjon til å bidra – og til å skape verdiar lokalt.

Ta gjerne kontakt med Statsforvaltaren for å få innspel og støtte, om tilskot og nettverk. Saman med fylkeskommunen og Innovasjon Noreg støttar vi opp under trygg, mangfaldig og miljøvenleg matproduksjon.

Etablering og drift: Mat og drikke (mattilsynet.no)
Regjeringa om lokalmat og lokal drikke: Oppskrift for meir lokalmat og lokal drikke (regjeringen.no)

Skogen er ein fornybar ressurs, og når tre blir brukt som byggemateriale, bidrar det positivt til klimaet. For deg som skogeigar gir dette nye moglegheiter for verdiskaping og berekraftig ressursbruk.​

Tre er miljøvenleg og framtidsretta. Som byggemateriale er tre allsidig og raskt å bygge med. Dessutan er tremateriale konkurransedyktige både økonomisk, miljømessig og i mange tilfelle også teknisk.

Statsforvaltaren skal bidra til auka bruk av tre som byggingsmateriale. Oppdraget har vi fått frå Landbruks- og matdepartementet.  

Les meir:

Bruk av tre (regjeringen.no)

Produksjon av juletre og pyntegrønt gir både lokal verdiskaping og tilgang på eit norsk, berekraftig produkt. Dette kan vere ein god tilleggsnæring for deg som allereie driv med skogbruk – eller ønskjer å kome i gang. 

Skogbrukets lovar og forskrifter gjeld også for juletreproduksjon.

Du kan bruke Skogfond til å etablere felt for juletre- og pyntegrøntproduksjon, i etableringsfasen: Kva kan dekkjast og ikkje dekkjast med skogfond (landbruksdirektoratet.no)

Rapporter salg: Rapportere småsalg og direktesalg (landbruksdirektoratet.no)

Tre, biogass, vatn, vind og sol er fornybare ressursar som kan bidra positivt til både klima og økonomi. Mange bønder ser no på høve til å ta i bruk slike løysingar på garden.​

Anten du vil produsere eigen energi, redusere utslepp eller bidra til grøn omstilling – det finst gode verktøy og erfaringar å bygge på.​

Les meir hos Innovasjon Noreg: Bionova - fornybar energi, bioøkonomi og teknologi (innovasjon Norge.no)

 

I økologisk matproduksjon blir det stilt ekstra krav til miljøomsyn og dyrevelferd. Økologisk produksjon har ein viktig spydspissfunksjon for å utvikle miljøvenlege metodar og å overføre kunnskap til konvensjonelt jordbruk.

Aktuelle lenker

Statsforvaltaren skal bidra til å vidareutvikle økologisk jordbruk i fylket. 

Gi oss ei tilbakemelding
Fann du det du leitte etter?

Du har 400 teikn igjen.
Her svarer me ikkje, men treng du hjelp kan du bruka skjemaet sikker melding.
Me bruker svaret ditt til å gjera nettsida betre.