Rolla til kommunen
Ved mindre akutte utslepp som blir varsla om til nødnummeret 110, vil det normalt vere tilsette frå lokalt brannvesen/hamnevesen som rykker ut med utstyr for å avgrense spreiing av forureininga, og hjelper til med opprydding. Ved behov kan kommunen kalle inn ekstra mannskap og utstyr til å aksjonere i lokale/regionale aksjonar gjennom samarbeidet med dei interkommunale utvala for akutt forureining (IUA).
Denne rettleiaren skildrar den kommunale beredskapsplikta, aksjonsplikta og bistandsplikta. Den gir også retningslinjer for handtering av dei administrative oppgåvene som følgjer av hendingar med akutt forureining.
Rolla til Statsforvaltaren
Vi har ei rolle som miljøfagleg rådgjevar ved akutte forureiningshendingar. Under ein aksjon eller ei hending gir vi miljøråd om sårbare artar eller naturområde som det bør takast omsyn til.
Vi er miljøfagleg rådgjevar for interkommunalt utval for akutt forureining (IUA) under interkommunale aksjonar mot akutt forureining, og kan støtte IUA også under statlege aksjonar.