Turnusteneste for fysioterapeutar

Oppdatert 24. september kl. 08:14

Er du fysioterapeut i turnusteneste? Statsforvaltaren arrangerer kurs og administrerer turnusordninga.

Eg ønskjer å byte turnusregion

Dersom du ønskjer å byte turnusplass, må du sjølv finne ein person å byte med. Dersom du vil byte med ein turnusfysioterapeut frå ein anna region, må begge kandidatane som inngår i bytet, sende skriftleg melding til:

  • regionansvarleg Statsforvaltar i regionen de byter frå v/ postmottak
  • regionansvarleg Statsforvaltar i regionen de byter til v/ postmottak
  • utdanningsinstitusjonen de kjem frå v/ postmottak
  • utdanningsinstitusjonen til den de byter med v/ postmottak
  • turnuskomiteen ved utdanningane de kjem frå

Frist for å byte turnusregion er 24. oktober 2026. 

Eg ønskjer å søkje om særplass eller å utsetje turnustenesta

Dersom du har særlege behov eller er i ein spesiell situasjon, kan du søkje om særplass. Du sender søknaden til den regionansvarlege statsforvaltaren i din turnusregion. 

Frist for å søkje om særplass er 10. oktober 2026. 

Dersom du på grunn av særlege grunnar må søkje om å få utsett turnustenesta, sender du søknaden til den regionansvarlege statsforvaltaren i turnusregionen du tilhøyrer. 

Slik finn du riktig turnusregion

Dei regionansvarlege statsforvaltarane koordinerer arbeidet med turnusordninga og samarbeider med utdanningsinstitusjonane, alle statsforvaltarane og Helsedirektoratet. Her kan du sjå kva region du tilhøyrer:

Turnusregion Nord omfattar Finnmark, Troms og Nordland. 

Her er Statsforvaltaren i Troms og Finnmark regionansvarleg.

Turnusregion Midt-Vest omfattar Rogaland, Vestland, Møre og Romsdal og Trøndelag. 

Statsforvaltaren i Vestland er regionansvarleg.

Turnusregion Sør-Øst omfattar Oslo, Akershus, Østfold, Innlandet, Vestfold, Buskerud, Telemark og Agder. 

Statsforvaltaren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus er regionansvarleg.

Slik førebur du deg til turnustenesta

For å gjennomføre turnustenesta må du ha turnuslisens. Du må sjølv søkje om turnuslisens. Dersom du har spørsmål om turnuslisens og autorisasjon, må du ta kontakt med Helsedirektoratet.

Alle statsforvaltarane arrangerer kurs

Alle statsforvaltarane arrangerer kurs i offentleg helsearbeid for turnusfysioterapeutar. I god tid før kurset får du informasjon om kurset. Vi held også kurs for rettleiarar for turnusfysioterapeutar. 

Gi oss ei tilbakemelding
Fann du det du leitte etter?

Du har 400 teikn igjen.
Her svarer me ikkje, men treng du hjelp kan du bruka skjemaet sikker melding.
Me bruker svaret ditt til å gjera nettsida betre.