Legar i spesialisering (LIS1)

Oppdatert 8. september kl. 15:03

Første del av spesialiseringa for legar, etter studietida, består av tolv månader i sjukehus og seks månader i kommunehelsetenesta. Dette blir kalla LIS1. Statsforvaltaren opprettar, godkjenner og kvalitetssikrar LIS1-stillingar i kommunehelsetenesta.

Vel tema

Er du lege og skal søke på LIS1-stillingar?

Ledige LIS1-stillingar blir lyst ut fortløpande via Helsedirektoratet (Webcruiter):

Kurs hos Statsforvaltaren

Statsforvalteren tilbyr kurs og grupperettleiing for legar i spesialisering. Vi er eit bindeledd mellom kommunane og Helsedirektoratet, og rettleiar kommunar og LIS1.

Vi tilbyr

  • kurs i offentleg helsearbeid
  • kurs i legevaktsmedisin for LIS1
  • grupperettleiing for LIS1 i kommunehelsetenesta

ALIS-kontora tilbyr opplæring for nye LIS1-rettleiarar: Allmennleger i spesialisering (ALIS)

Oversikt over kurs for deg som skal vere LIS1 i Møre og Romsdal

Kurs i akuttmedisin blir arrangert kvar vår og haust i Molde. Det er RS Sjøredningsskolen som held kursa i akuttmedisin etter avtale med oss. RS Sjøredningsskolen sender ut informasjon til LIS1 i kommunar i Møre og Romsdal med informasjon om kurset og lenke til påmelding.

Kurs i offentleg helsearbeid blir arrangert i Molde kvar vår og haust. Statsforvaltaren sender ut informasjon til alle LIS1 i kommunar i Møre og Romsdal med informasjon om kurset og lenke til påmelding.

Helfo arrangerer digitalt kurs knytt til takstbruk og legemiddel (blå resept). Du vil få tilsendt oversikt over datoar for kurset frå Helfo, og kan melde deg på den datoen som passar best.

Lokal rettleiar godkjenner læringsmål

Når det gjeld kurs i offentleg helsearbeid og grupperettleiingane, er det din lokale rettleiar som godkjenner læringsmåla i kompetanseportalen. Læringsmåla vil gå fram av kursbevisa du får frå Statsforvaltaren.

Grupperettleiing

I Møre og Romsdal har vi fire grupper for grupperettleiing. Kva gruppe du høyrer til, kjem an på kvar LIS1-plassen din er. Du kan ikkje bytte gruppe.

 

Gi oss ei tilbakemelding
Fann du det du leitte etter?

Du har 400 teikn igjen.
Her svarer me ikkje, men treng du hjelp kan du bruka skjemaet sikker melding.
Me bruker svaret ditt til å gjera nettsida betre.