Elevens rettar etter lova om skolemiljø

Opplæringslova § 9 A-2: Retten til eit trygt og godt skolemiljø

"Alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, trivsel og læring"

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.08.2017, Sist endret 30.12.2020

Det betyr mellom anna at barnet ditt ikkje skal bli utsett for mobbing eller plaging, verken frå andre elevar eller vaksne som arbeider på skolen.

Kor og for kven gjeld retten om eit trygt og god skolemiljø?

Retten gjeld for alle som er elevar på barnetrinnet, ungdomstrinnet og i vidaregåande skole – både i offentlege og frittståande skolar. 

Retten gjeld i timar og friminutt på skolen, på skolevegen, i leksehjelp som er i regi av skolen (grunnskolen) og i skolefritidsordninga (SFO). 

Retten gjeld i utgangspunktet ikkje på fritida. Viss ein elev opplever noko på fritida som gjer at han eller ho ikkje har det trygt og godt på skolen, skal skolen likevel handle i samsvar med aktivitetsplikta, fram til eleven har det trygt og godt på skolen.  

Det er elevens eiga oppleving av skolemiljøet som avgjer om det er godt nok

Verken rektor, lærarar eller andre elevar kan vite betre enn barnet ditt korleis han eller ho har det på skolen. Dersom barnet ditt opplever at skolemiljøet ikkje er bra, skal skolen ta det på alvor. 

Det treng ikkje å vere mobbing for at barnet ditt skal få hjelp

Det held at barnet ditt ikkje har det bra på skolen. Det kan til dømes vere at han eller ho er einsam, ikkje har vennar eller gruer seg til å gå på skolen.  

Barnet ditt har rett til å bli høyrt

Alle barn har rett til å seie meininga si og bli høyrt i saker som handlar om dei. Det står i FNs barnekonvensjon. I samband med skolemiljøsaker, skal skolen sørgje for at alle involverte elevar blir høyrt. Dette omfattar elevar skolen mistenker eller kjenner til at ikkje har eit trygt og godt skolemiljø. Det gjeld også andre elevar som er direkte råka eller involvert i saka. Det er viktig å presisere at ein elev som krenker eller som ein har mistanke om krenker andre elevar, har same rett til å bli høyrt i saka som den som blir utsett for krenkinga. 

Sjølv om ein har rett til å bli høyrt, kan eleven bestemme å ikkje uttale seg i saka, eller velje å uttale seg gjennom ein person eleven har tillit til.

Barnets beste skal vere eit grunnleggande prinsipp

Barnets beste skal vere eit grunnleggande omsyn i alle handlingane og vurderingane skolen gjer for å oppfylle aktivitetsplikta. Kva som er best for eleven skal bli vurdert konkret og individuelt. 

Tilbake

Kjelder:
nullmobbing.no
Rundskriv Udir - 3 - 2017