Nok med fire veker stølsdrift for å få setertilskottet i 2021

Foto: Stig Horsberg / Stig Horsberg.

Frå og med i år blir kravet til perioden med mjølkeproduksjon på stølen sett ned til fire veker for å ha rett til tilskottet til "seterdrift med melkeproduksjon". Tilskottet blir og auka til 56 000 kroner for kvar støl i drift i Innlandet.

Publisert 28.06.2021

Etter behandlinga av jordbruksoppgjeret i Stortinget 16. juni er det klårt at minimumskravet skal senkast frå seks til fire veker mjølkeproduksjon for å få «stølstilskottet» frå og med i år. Dette gjeld altså nasjonalt, ikkje berre i Innlandet. Kravet om fire vekers drift sto uendra frå stølstilskottet vart innført for om lag tretti år sidan og fram til 2018. Kravet om seks vekers produksjon vart innført i 2019, på same måte gjennom eit nasjonalt vedtak. Det vart altså gjeldande berre i to år.

Tilskottet aukar frå 52 000 kroner i fjor til 56 000 kroner i år. Fram til 2005 var stølstilskottet nasjonalt og låg på ca. 13 000 kroner. Frå 2005 vart det ein del av dei regionale miljøtilskotta som Statsforvaltaren (då Fylkesmannen) fekk ansvaret for. Sidan det har tilskottet altså blitt meir enn firedobla.

Som ein naturleg følgje av at talet på mjølkeprodusentar går ned, har og talet på stølar i tradisjonell drift gått jamnt nedover. Slik har det vore gjennom heile 1900-talet, men vi ser at stølsdrifta i mange kommunar no er på eit minimum. Av dei 46 kommunane i Innlandet har 32 kommunar færre enn ti stølar i drift og 24 av dei har fem eller færre stølar med mjølkeproduksjon. I 2005 var det totalt 845 stølar i drift i Innlandet. Dette talet er nesten halvert fram til 2020, då det var att 444 stølsbrukarar som søkte tilskott. Samtidig har talet på mjølkeprodusentar blitt halvert. Talet på aktive stølar i høve til talet på mjølkeprodusentar har derfor auka litt, og det ligg no på 33 % mot 31 % i 2005.

Ni av dei ti største stølskommunane finn vi i Valdres og Nord-Østerdalen, med Øystre Slidre (50 stølar), Nord-Aurdal (39) og Vestre Slidre (36) på topp. Etter det følgjer Os, som den største stølskommunen i Nord-Østerdalen med 34 stølar, med Alvdal (33) rett bak. I desse kommunane varierer prosentdelen mjølkegardar som brukar stølen frå 62 % i Alvdal til 94 % i Øystre Slidre.

Reduksjonen av minstekravet til fire veker kan gjera det enklare for seterbrukarar som av forskjellige grunnar har problem med å oppfylle kravet om seks vekers produksjon. Vi har likevel grunn til å tru at dei fleste er på stølen i seks veker eller meir. I perioden 2005-2012 hadde Oppland fylke ei differensiering av tilskottet etter om ein hadde stølsdrift minst fire eller minst åtte veker. Då søkte nær 80 % av søkarane tilskott for minst åtte veker.

Sjå denne sida for meir informasjon om regionale miljøtilskott for jordbruket.