Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Dispensasjon

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.05.2013

Kommunen er planstyresmakt og kan gje dispensasjon i samsvar med kapittel 19 i plan- og bygningslova. Med gode kommuneplanar og reguleringsplanar, forventar Fylkesmannen færre dispensasjonar. Kommunane må vere tydelege på at utbygging må skje i tråd med vedtekne planar.

I brev av 31.01.2012 klargjorde Fylkesmannen endra praksis i dispensasjonssaker knytt til kva saker vi skal ha til høyring, opplysing av sakene, klage og oppheving. Brevet finn du her.

Uttalerett

I dispensasjonssaker som vedkjem saksområda til Fylkesmannen, skal kommunen sende saka til
Fylkesmannen for uttale før kommunen kan gjere vedtak om dispensasjon.

Fylkesmannen skal ha alle saker som gjeld dispensasjonar: 

  • i landbruks-, natur og friluftsområde
  • langs vassdrag
  • i 100-metersbeltet langs sjøen
  • i grøntstrukturen i byggjeområde
  • i støyutsette område
  • i eller nær ureina grunn
  • i område med naturverninteresser og/eller naturmangfald

og i saker som gjeld: 

  • omsyn til landskap og estetikk
  • område regulert til landbruk
  • barn og unge sine interesser i arealplanlegginga
  • beredskapsmessige omsyn

Fylkesmannen gir normalt uttale til saker der det kan vere aktuelt å klage på eit positivt dispensasjonsvedtak.

Saksopplysningar som skal følgje dispensasjonssaker

Klagerett

Fylkesmannen har klagerett i dispensasjonssaker. Dispensasjonssaker som bryt med nasjonale eller vesentlege regionale interesser skal klagast på. Fylkesmannen vil oppheve vedtak der dei er klart ugyldige. Det vil vere t.d. i saker som ikkje godt nok opplyst og der vedtaket er fatta på eit manglande grunnlag. Målet er at kommunane skal ta ansvar for kvaliteten på saksutgreiinga og at dei gjer gode nok vurderingar i høve til lovverk og planstatus.

Saksgang

Vedtak om dispensasjon i saker som vedkjem saksområda til Fylkesmannen, skal alltid sendast Fylkesmannen til klagevurdering. Dette gjeld uavhengig av om det er gjeve uttale til saka i høyringsfasen.

Fylkesmannen har tre veker klagefrist etter at vi har motteke melding om vedtak.
Når Fylkesmannen klagar på dispensasjonsvedtak, vert klagen først sendt til kommunen. Kommunen tek klagen opp til handsaming.

Dersom kommunen tek klagen til følgje, og det vert fatta nytt vedtak i saka, skal dette vedtaket sendast Fylkesmannen til liks med vanlege dispensasjonsvedtak.

Dersom kommunen ikkje tek klagen til følgje, og det opphavlege dispensasjonsvedtaket står ved lag, skal kommunen sende saka til justis- og forvaltingsavdelinga hos Fylkesmannen for endeleg klagehandsaming. Justis- og forvaltingsavdelinga er inhabil i saker der andre avdelingar hos Fylkesmannen (t.d. miljøvernavdelinga eller landbruksavdelinga) er klagar. Slike saker vert sendt til Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet for oppnemning av setjefylkesmann. Avdelinga(ne) som har klaga på vedtaket vurderer eventuelle nye moment i saka før den vert sendt departementet for oppnemning av setjefylkesmann.

Dersom søkjar eller andre har merknader til klager frå Fylkesmannen, bør desse sendast til kommunen før klagen skal handsamast der. Kopi av merknadane kan sendast til Fylkesmannen.

Fylkesmannen handsamer øvrige klager over kommunane sine vedtak i dispensasjonssaker.