Torsdag 26. august samla SOS-Saman om Skagerrak over 60 deltakarar til workshop. Målet var å hente innspel til eit nytt veikart som skal konkretisere mål og aktivitetar for programmet dei komande åra.
Dagen starta med faglege innlegg frå Miljødirektoratet, Fiskeridirektoratet og Agder fylkeskommune. Dei orienterte mellom anna om Noregs oppfølging av Naturavtalen, status for fiskerirestriksjonar og arbeidet med vassforskrifta, og korleis dette heng saman med SOS-Saman om Skagerrak.
Innspel til framtidas Skagerrak
Deretter arbeidde deltakarane i grupper innanfor dei fire innsatsområda i programmet:
- omforeint kunnskapsgrunnlag
- marin bevaring og restaurering
- berekraftig marin næringsutvikling
- formidling av kunnskap om miljøtilstand og berekraftig bruk av kyst- og havressursar
Deltakarane identifiserte utfordringar, utvikla framtidsvisjonar og foreslo konkrete tiltak. Forslaga vil no inngå i arbeidet med det nye veikartet.
Breitt engasjement
Programkoordinator Torill Sæterøy er nøgd med oppslutninga.
– Det er utruleg kjekt å sjå at så mange kjenner eigarskap til SOS-Saman om Skagerrak. Vi er veldig glade for breidda blant deltakarane og dei mange gode innspela som kom fram, seier ho.
Samtidig håpar ho på endå større deltaking frå næringslivet i det vidare arbeidet.
– No skal vi arbeide vidare med innspela og omsetje dei til eit utkast til nytt veikart for programmet, seier Sæterøy.
Høge ambisjonar
I gruppa som arbeidde med marin bevaring og restaurering, vart det mellom anna løfta fram ein ambisjon om at Agder skal bli best i Noreg på berekraftig hav- og kystforvaltning.
– Visjonære, seier Anne Fløgstad Smeland frå Statsforvaltaren i Agder om arbeidet i gruppa.
– Vi er heldige som har eit så sterkt fagmiljø å lene oss på i SOS-Saman om Skagerrak.
Ferdig i 2026
Det nye veikartet skal utarbeidast i samarbeid med fagstyret for SOS-Saman om Skagerrak og behandlast av programstyret før endeleg godkjenning. Målet er at veikartet skal vere ferdigstilt innan utgangen av 2026.