Klage på karakter i grunnskolen

Elevar har rett til å klage på  standpunktkarakter og eksamenskarakter. Er du elev i grunnskolen finn du her informasjon om korleis du kan klage, kva du kan klage på og kven som kan klage

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 05.05.2021

Kva kan du klage på?
Du kan klage på alle karakterar som skal førast på vitnemålet. Det vil seie at du kan klage både på standpunktkarakterar og eksamenskarakterar.

Klageretten gjeld òg viss du ikkje får standpunktkarakter fordi skolen meiner at det ikkje er vurderingsgrunnlag (IV). Du og foreldra dine skal ha fått skriftleg varsel før skolen bestemmer at du ikkje får standpunktkarakter.

Du kan ikkje klage på undervegsvurderinga. Undervegsvurdering er eit reiskap for deg og lærar i læreprosessen. Dersom du eller foreldra dine meiner at skolen ikkje har gitt deg undervegsvurdering etter regelverket, kan de ta dette opp med skolen.

Kven kan klage på karakter?
Du som er elev, eller den du gir skriftleg fullmakt, har rett til å klage på karakter. Er du under 15 år, må foreldra dine samtykke i klaga. Foreldre til elevar som er under 18 år har sjølvstendig klagerett. Det betyr at dei har rett til å klage sjølv om du som elev ikkje er samd i det.

Korleis klagar du?
Klaga må vere skriftleg, og den som klagar må underskrive klaga. Det må stå i klaga kva du vil klage på og kva fag det gjeld.

Viss du klagar på karakter på skriftleg eksamen treng du ikkje å grunngi klaga. Viss du klagar på standpunktkarakter, på karakter i orden og åtferd eller munnleg avgangsprøve, bør du grunngi klaga.

Klaga blir send til rektor. Rektor sender klaga di og utsegner frå skolen til Statsforvaltaren, som er klageinstans. Du skal ikkje sende klaga di direkte til Statsforvaltaren, det vil forseinke klagebehandlinga. Lenka til  elektronisk skjema for innsending skal skolen nytte når dei sender klaga vidare til Statsforvaltaren.

Når er klagefristen?
Klagefristen er 10 dagar. Fristen blir rekna frå det tidspunktet den som har klagerett er gjort kjent med karakteren, eller burde gjort seg kjend med han. Viss du ber om grunngiving for karakteren blir klagefristen avbroten, og nye 10 dagars frist gjeld frå det tidspunktet du har fått grunngivinga.

Kva skjer viss eg klagar på standpunktkarakterar?
Viss du klagar på ein eller fleire standpunktkarakterar må faglærar skrive ei grunngiving for karakteren din, og rektor må skrive ei fråsegn om korleis skolen har behandla saka. Skolen  sender etter dette klaga til Statsforvaltaren og du får ein kopi. Klaga di og opplysningar frå skolen vil til saman danne grunnlaget for Statsforvaltarens behandling av saka.

Det er viktig å vite at Statsforvaltaren berre skal ta stilling til om dei reglane som gjeld for karaktersetting er følgde. Statsforvaltaren skal ikkje overprøve det faglege skjønnet til læraren. Det betyr at Statsforvaltaren ikkje skal ta stilling til om karakteren din er rett i forhold til det faglege nivået ditt.

Her er døme på reglar som skal vere overhaldne:

  • Faglærar skal skildre kva du kan i forhold til kompetansemåla i læreplanen for faget
  • Vurdering i orden og åtferd skal ikkje vere blanda saman med vurdering i det enkelte faget

Dersom Statsforvaltaren kjem til at reglane som gjeld for karaktersetting ikkje er følgde, eller at det er tvil om at reglane er følgde, opphevar Statsforvaltaren karakteren din. Saka blir  sendt tilbake til skolen der rektor og faglærar skal gjere ei ny vurdering. Rektor set deretter endeleg karakter.

Du bør vere klar over at oppheving av karakteren ikkje alltid fører til at du får ein betre karakter. Når rektor og faglærar gjer ei ny vurdering, kan rektor bestemme om karakteren skal endrast opp eller ned,  eller bli ståande. Den nye avgjerda skal grunngjevast. Du kan ikkje klage på den endelege karakteren.

Kva skjer viss eg klagar på karakter i orden og åtferd?
Viss du klagar på karakteren din i orden og åtferd skal både kontaktlærar og rektor skrive ei fråsegn

Dette skal rektor legge ved klaga di når ho blir send til Statsforvaltaren:

  • informasjon om kva karakter som har vore gitt tidlegare
  • ei oversikt over kva tiltak skolen har sett i verk for å rette på forholda, og ei fyldig grunngjeving for karakteren
  • opplysningar som viser at du og foreldra dine har fått skriftleg varsel om faren for at ordens- og/eller åtferdskarakteren kan bli ein annan karakter enn God
  • papir som viser korleis skolen har behandla saka, eventuell korrespondanse med heimen, og annan relevant dokumentasjon
  • kopi av ordensreglementet på skolen

Du eller foreldra dine skal ha kopi av det som blir sendt Statsforvaltaren.

Viss Statsforvaltaren kjem til at det er grunnlag for å gjere om vedtaket, er det Statsforvaltaren, og ikkje rektor, som set ny karakter. Den nye karakteren vil bli fastsett på grunnlag av dei opplysningane som finst. Avgjerda frå Statsforvaltaren er endeleg.

Kva skjer viss eg klagar på skriftleg eksamen
Viss du klagar på karakter etter skriftleg eksamen, skal rektor sørge for at du får sjå eksamenssvaret ditt og få vite retningslinjer for sensuren. Deretter skal nokon som ikkje har sensurert eksamenssvaret ditt tidlegare sjå på det på nytt. Desse skal ikkje arbeide ved den skolen du går på. Dei som får dette arbeidet sit i det som kallast klagenemnd, og er ei nemnd som består av tre personar.

Klagenemnda skal ta stilling til om karakteren du har fått er urimeleg. Viss nemnda kjem til at karakteren er urimeleg, skal det setjast ny karakter. Viss karakteren blir endra, blir han vanlegvis sett opp. Du bør vere klar over at det hender at karakterar blir sette ned etter klagebehandlinga.

Kva skjer viss eg klagar på munnleg eksamen?
Ved munnleg eksamen kan du berre klage på formelle feil. Feila må då vere slik at dei kan ha hatt innverknad på karakteren du fekk.

Sensor, faglærar og rektor uttaler seg, og sender fråsegnene til Statsforvaltaren. Kopi skal sendast til deg eller foreldra dine. Dersom du får medhald i klaga, annullerer Statsforvaltaren karakteren din.

Viss du ønsker det, kan det haldast ny eksamen for deg. Då blir det trekt på nytt kva fag du kjem opp i. Førebuingstida er den same som ved ordinær eksamen.

Informasjon til skolen
I klagehandsaminga ser Statsforvaltaren på om skolen har følgt gjeldande reglar for karaktersetting. Skolen må difor sende inn dokumentasjon som viser at det er kompetansemåla som ligg til grunn for vurderinga, at eleven er gjort kjent med desse måla og kva som blir vektlagt, og at eleven har fått høve til å vise kompetansen sin på fleire og varierte måtar. Sjå meir i UDIRS rettleiar for karakterfastsetting om korleis klagane blir vurdert og kva slags dokumentasjon skolen må hugsa å senda inn.