Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Ny giv i sauehaldet

Eit treårig saueprosjekt har gitt betydeleg framgang og optimisme i sauehaldet i Vest-Agder.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 20.02.2015

Sauetalet er stabilisert og aukande etter mange år med tilbakegang. Dei tre siste åra har 43 sauebønder bygd nye sauehus eller fiksa på gamle for ca. 100 millionar kr. Desse husa gir rom for over 6 000 sau. Vidare blei Vest-Agder beste fylke i landet med heile 83,5 % stjernelam på Nortura sin statistikk for 2014, og tap av sau og lam på utmarksbeite viser ein nedadgåande tendens.

Alt dette er god tilpassing til jordbruksavtalen for 2014/15 som økonomisk stimulerer til god slaktekvalitet, høg produksjon pr. dyr og større besetningar.

I prosjektperioden 2012-14 har syv faggrupper vore i sving. 50 % av sauebøndene i fylket har deltatt. Desse faggruppene har vore viktige for å styrke fellesskap og fagmiljøet i sauehaldet. Ei av faggruppene  har vore for driftsforma utegangarsau. Denne driftsforma er i dag  organisert i Agder kystbeitelag.

Vest-Agder har betydelege beiteressursar både på innmark og utmark, og håper no på vidare auke i sauetalet. Dette vil føre til at ein del av underdekkinga av lammekjøtt i landet kan dekkast av lam frå Vest-Agder.

Saueprosjektet leia av Ove Myklebust, har vore ei god oppleving av godt samarbeid mellom Vest-Agder Sau og Geit, Norsk Landbruksrådgivning Agder, Innovasjon Norge og Fylkesmannen. Prosjektet blir vidareført i mindre omfang i 2015, mellom anna med finansiering frå fleire av kommunane i fylket.