Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Få asylsøkjarar har tuberkulose

Berre nokre få av asylsøkjarane som kjem til Noreg har tuberkulose. Det er liten fare for å bli smitta.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Alle asylsøkjarar over 15 år får tatt røntgenbilde for å sjekke om dei har lungetuberkulose. Dette er for å kunne gi behandling og stanse eventuell vidare smitte. 

I praksis er det få som har tuberkulose. Til no i 2015 er det meldt om 59 tilfelle av tuberkulose som er oppdaga gjennom slike ankomstundersøkingar. Til samanlikning er det kome nesten 20 000 asylsøkjarar til Noreg så langt i år. 

Ankomstscreeninga bidrar også til at risikoen for å bli smitta av tuberkulose her til lands er svært liten.

Les meir hos Helsedirektoratet: Få asylsøkere har tuberkulose

Helseundersøking av nyankomne

Når det gjeld screening for tuberkulose, har Folkehelseinsituttet laga informasjon til vertskommunar for asylmottak om korleis dei skal følgje opp lungerøntgenundersøkinga som skjedde ved ankomst. Sjå under "Dokument".

Meir generelt bør kommunane invitere alle nyankomne flyktningar og asylsøkjarar til førstegangs helseundersøking så raskt som mogleg etter ankomst. Rettleiaren Helsetjenestetilbudet til asylsøkere, flyktninger og familiegjenforente blei nyleg oppdatert, og her er anbefalt innhald i denne helseundersøkinga oppsummert i eit eige vedlegg.