Landbruks- og matministeren overrekte Ingvild Haga og Jurgen Wegter Statsforvaltteren kulturlandskapspris for 2020

Ingvild Haga og Jurgen Wegter frå Vanvikan i Indre Fosen kommune fekk prisen for arbeidet dei gjer for å registrere, ta vare på og formidle miljø- og kulturlandskapsverdiane dei har på småbruket Fagerli, og for å ha skrive og illustrert barneboka «SOS blomstereng».

 

Publisert 05.08.2021

Landbruksminister og matminister Olaug Bollestad overrekte denne prisen under åpningen av "Trøndersk matfestival - et sted nær deg" på Orkanger i dag.

På Fagerli Naturgård, som Haga og Wegter driv,  har dei i mange år gjort eit godt arbeid med å formidle verdiane i det rike jordbrukslandskapet. Dei har og med stor iver sett i stand bygningar, restaurert slåttemark, naturbeitemark, og styvingstre og dei har ordna rydningsrøyser og steingjerde.

I Fagerlia har Jurgen dei siste åra registrert  43 artar av villbier og 42 artar av blomsterfluger, fleire som einast registrering i Fosen og Trøndelag, og fleire på raudlista.

Ingvild og Jurgen ser det som ei svært viktig oppgåve å tilpasse drifta slik at  artsmangfaldet blir tatt vare på, -eller aller helst at det blir større.

Med Fagerli Naturgård får Ingvild og Jurgen og på ein god måte vist litt korleis eit småbruk var på tidleg 1900- talet, med både bygningar, kulturlandskap og drift.

Kulturlandskapsprisen er tildelt av Statsforvaltaren i Trøndelag og utvelginga er gjort av «Fagråd jordbruk» ved Landbruksavdelinga. Dette er samansett av representantar frå Trøndelag Bondelag, Trøndelag Bonde- og småbrukarlag, Norsk landbruksrådgiving, Trøndelag fylkeskommune, NIBIO kommunane og Statsforvaltaren i Trøndelag.

Kontaktpersoner