Fylkesmannen besøkte Beitlandet

Fylkesmann Frank Jenssen var i går på besøk til kulturlandskapsprisvinnarar Heidi og Trond Olav Beitland i Forradal i Stjørdal.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 05.07.2019

Fv: Frank Jenssen, Trond Olav Beitland, Heidi Beitland, Tore Bjørkli, Ivar Vigdenes

Fylkesmannen fekk god orientering om gardsdrifta og arbeidet dei gjer for å ta vare på store område med nasjonalt svært verdifull slåttemark og naturbeitemark.  Sjølv om veret ikkje var det beste så fekk ein sjå slåttemarka i si fulle blomsterprakt i eit vakkert landskap. På Beitlandet er det registrert over 70 planteartar i blomsterengene og det er funne mange og sjeldne beitemarksoppar og eit rikt insektliv, 11 humleartar vart funne i blomsterengene i fjor.

Heidi og Trond Olav med familie gjer ein stor innsats for å ta vare på desse areala. Areala er tungdrivne og det meste av slåtten må difor gjerast med tohjuls slåmaskin, noko også med ljå. Graset blir tørka på bakken for at plantene skal sleppe frå seg frø slik at ein får nye planter.  Graset blir brukt som fôr til «blomsterkyrne» (sida trønder og nordlandsfè). «Dette er medisinfôr og gjer at vi aldri har sjuke dyr og kjøtet blir og ekstra smakeleg og sunt», seier Heidi og Trond Olav.

I tillegg til å ta vare på rike slåttemarker prøver ein på Beitlandet å skape ny næring med bakgrunn i kulturlandskapet og alle dei verdiane som finns i det. Ein vil ha eit tilbod der gjester kan bu på garden og ta del i og bruke dei ulike årstidene sine kvalitetar.  

Ordførar i Stjørdal, Ivar Vigdenes, overrekte blomehelsing frå kommunen og sa at Heidi og Trond Olav gjer eit viktig arbeid. Å ta vare på mangfaldet, og å skape næring av dette, er noko vi må satse på framover sa Vigdenes. 

Fylkesmannen med følgje var svært fornøgd med  besøket og meinte det var ein velfortent kulturlandskapspris som vart gitt til Beitlandet i fjor. «Det var fint å få sjå området og de gjer ein stor innsats for å ta vare på biologisk mangfald og kulturlandskapet. At de også bruker dette til å skape gode matopplevingar og gode reiselivstilbod, gjer arbeidet de gjer berre enda viktigare!» sa Frank Jenssen då han takka for å få vera på besøk.