Endringar i regionale miljøtilskot for 2021

Jordbruksoppgjeret for 2021 vart vedtatt i Stortinget fredag 17. juni. Dette medførte endringar i setertilskota og at ordninga med tilskot til klimarådgiving vart avklara.

Her kan du lese meir om desse endringane. 

 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 22.06.2021

Sjå også om regionale miljøtilskot i Trøndelag i oppdatert "Veileder for 2021" som ligg på sida vår om regionale miljøtilskot.

 

Setertilskot


Kravet til lengd på seterperioden for ordninga «drift av seter» er redusert frå seks til fire veker. Tilskotet til «drift av seter» blir som før. For å stimulere til bruk av ordninga «Besøksseter», blir tilskotet til denne ordninga auka frå 55.000 til 65.000 kroner. Reglane elles, for seterordningane, er ikkje endra.

Tilskotssatsar 2021 til seterordningane

Ordning Tilskot kr per seter
Drift av seter med foredling 75 000,-
Drift av seter, utan foredling 65 000,-
Besøksseter 65 000,-

 


Klimarådgiving

Det vart i jordbruksavtalen for 2020 bestemt at det i regionalt miljøtilskot skal gis tilskot til føretak som mottar klimarådgiving og lager tiltaksplan for klimatiltak. Jordbruksoppgjeret 2021 seier korleis ordninga skal vera.


Det er dei som bruker godkjende rådgivarar til klimarådgiving og hjelp til arbeidet med tiltaksplan, som kan få tilskot. Tilskotet er delt etter om ein har «ein-til-ein rådgiving» eller «grupperådgiving». For «ein-til-ein rådgiving» gis tilskot for «høg sats» til dei føretaka som har både planteproduksjon og husdyrproduksjon, «låg sats» for dei som har enten planteproduksjon eller husdyrproduksjon.

Regler for tilskot til klimarådgiving

Det kan gis tilskot for klimarådgiving som er gjennomført i ein søknadsperiode, frå 15. oktober sist år til 15. oktober i søknadsåret. Tiltaksplan og kvittering for utført rådgiving må vedleggas søknaden.

Med klimarådgiving meiner ein rådgiving som tar føre seg ein heil gjennomgang av utslepp og opptak av klimagassar på garden, med mål om å gjera klimatiltak. Behov for klimatilpassing skal og inngå i rådgivinga. Dei som tilbyr av klimarådgiving skal vere godkjend av Landbruksdirektoratet.   

Dersom det blir søkt om tilskot for gjennomført klimarådgiving i fleire søknadsperiodar, er det eit vilkår for å få tilskot at tiltaksplanen er oppdatert for kvar søknad. 

Tiltaksklassar:

Ein-til-ein rådgiving - høg sats
ein-til-ein rådgiving låg sats
grupperådgivning

Tilskotet kan berre gis for éi gjennomført rådgiving per søknadsomgang. 

 

Tilskot:

Eit føretak kan berre søkja på ein av tiltaksklassane.

Tiltaksklasse/rådgivingsmetode Tilskot kr
Ein-til-ein rådgiving, med både planteproduksjon og husdyrproduksjon 6 000,-
Ein-til-ein rådgiving, med enten planteproduksjon eller husdyrproduksjon 4 000,-
Grupperådgiving 2 000,-

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner