Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Gammal jernbane blei gang- og sykkelveg

Torsdag 9. november var ein stor dag for Neslandsvatn i Drangedal. Da opna den nye gang- og sykkelvegen i sporet der toget til Kragerø ein gong gjekk. Det var folksomt på «Banen» den dagen.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 10.11.2017

Kragerøbanen var eit sidespor til Sørlandsbanen. Mellom Kragerø og Neslandsvatn gjekk det tog med passasjerar og gods frå 1927 til 1989. Dei siste 28 åra har det vore stille på sporet.

På tettstaden Neslandsvatn har det lenge vore eit sterkt ynskje om ein gang- og sykkelveg på den gamle jernbanelina. Drangedal kommune har stadfesta slikt føremål i reguleringsplanen. Og no har endeleg Jernbaneverket/BaneNor gitt frå seg grunnen til kommunen. Då blei det fart i sakane!

Saman med eit aktivt Neslandsvatn Vel har kommunen sørga for å lage den fyrste delen av ein flott gang- og sykkelveg. Ca 600 meter er nå asfaltert og lyssett. Neste år håpar alle at neste og like lang etappe på den trafikkfarlege strekninga skal bli ferdig. Då kan mellom anna fleire elevar slutte å ta buss til skulen og heller gå/sykle, utan at bilar skal forstyrre dei.

Drangedal kommune har vore byggherre. Telemark fylke sitt trafikksikringsutval har gitt verdifullt tilskot gjennom ordninga «Aksjon skuleveg». Nå overtek Statens vegvesen vedlikehald og brøyting.

Starten på ein lang turveg?
Den store draumen vidare nå er å lage turveg på heile den gamle Kragerøbanen. I 28 år har jernbanelina vore ubrukt. Den rustar og gror igjen. Drangedal kommune har teke eit initiativ for å sjå korleis det er mogeleg å lage ein attraktiv og lang gang- og sykkelveg i det gamle jernbanesporet.

Frå Neslandsvatn sentrum er det ca 6,5 km gammal togline som er i Drangedal kommune. Men vidare mot Sannidal er det ein enda lengre strekning som ligg i Kragerø kommune.

Både Kragerø og Drangedal kommune har fått tilskot frå «fylket» til å hyre konsulent for å sjå mogelegheitane for å lage ein attraktiv turveg gjennom flott natur. «Fylket» i denne samanhang er den tverretalege arbeidsgruppa som sidan 2012 har jobba for å etablere turvegar med universell utforming i Telemark.

Gamle jernbanespor har dei beste føresetnader for å bli inkluderande turvegar. Gratulerer med ein god start på Neslandsvatn!

 Ordførar Tor Peder Lohne og Vibeke Lin-Jacobsen frå Trafikksikringsutvalet i Telemark fylkeskommune var godt nøgde med den nye gang- og sykkelvegen Lokale kunstnarar har mala ei gamalt tog under vegbrua i starten av gs-vegen. Her er representanter for Neslandsvatn Vel, Drangedal kommune og FTU i Telemark. 
 Ordførar Tor Peder Lohne og Vibeke Lin-Jacobsen frå Trafikksikringsutvalet i Telemark fylkeskommune var godt nøgde med den nye gang- og sykkelvegen.

 

Lokale kunstnarar har mala ei gamalt tog under vegbrua i starten av gs-vegen. Her er representanter for Neslandsvatn Vel, Drangedal kommune og FTU i Telemark.
 Den nye lina er på folkemunne kalla for «Banen», men og med førenamn Kragerø…  No har myke trafikkantar fått sin eigen veg på Neslandsvatn. I alle år har dei måtte gå og sykle på den trafikkfarlege hovudvegen gjennom bygda. Og det gamle, rustne jernbanesporet er vekk.

Den nye lina er på folkemunne kalla for «Banen», men og med førenamn Kragerø…

No har mjuke trafikkantar fått sin eigen veg på Neslandsvatn. I alle år har dei måtte gå og sykle på den trafikkfarlege hovudvegen gjennom bygda. Og det gamle, rustne jernbanesporet er vekk.
 Mykje folk var til stades på opninga torsdag 9.november. Mellom anna fekk alle skuleelevar og barnehagebarn bli med på markeringa av ny gang- og sykkelveg på Neslandsvatn.  Offisiell opning av gs-vegen ved ordførar Tor Peder Lohne. Han fekk god hjelp av barn frå den lokale barnehagen og leiar Sigtru Nesland i Neslandsvatn Vel.
Mykje folk var til stades på opninga torsdag 9. november. Mellom anna fekk alle skuleelevar og barnehagebarn bli med på markeringa av ny gang- og sykkelveg på Neslandsvatn. Offisiell opning av gs-vegen ved ordførar Tor Peder Lohne. Han fekk god hjelp av barn frå den lokale barnehagen og leiar Sigtru Nesland i Neslandsvatn Vel.
 Togmaleriet er eit triveleg og tydeleg symbol på at her har det vore togtrafikk i gamle dagar.  
Togmaleriet er eit triveleg og tydeleg symbol på at her har det vore togtrafikk i gamle dagar.