Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Tilskot til systematisk identifikasjon og oppfølging av utsette barn

Tilskotsordninga er basera på erfaringar frå Modellkommuneforsøket som blei gjennomført i perioden 2007-2014. Søknad skal sendast Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet innan 3. april 2017.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 10.03.2017

I 2016 søkte færre kommunar enn forventa om tilskot under ordninga. På bakgrunn av innspel frå kommunar er regelverket revidert i 2017. Tilskotsordninga er utvida frå eitt til to år, og kommunane gis betre høve til å arbeide med implementering av modellen, kompetanseutvikling, og styrking av tiltak for identifikasjon og oppfølging av utsette barn i tenestene. 

Kommunar som mottek tilskot får fagleg hjelp og rettleiing frå Bufdir på utviklings- og implementeringsarbeidet under heile prosjektperioden. Det blir også gitt tilbod om nettverkssamlingar og digitale rettleiingsprodukt.

Kommunar kan søkje om inntil 1 million i tilskot.

Sentrale erfaringar frå kommunane som deltok i Modellkommuneforsøket var:

  • Auka fagleg kompetanse i kommunen og felles forståing/fagleg plattform - både mellom ulike kommunale nivå og mellom ulike kommunale tenester
  • Styrkte forankring og fokus i kommunen på arbeidd ovanfor målgruppa
  • Betre kommunalt samarbeid ovanfor målgruppa
  • Betre systematikk i kommunen sitt arbeid - rett teneste til rett tid
  • Samlokalisering/samordning av kommunale tenester

For heile utlysingsteksten samt alle skjema, sjå tilskuddsordninga si nettside.