Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Fallskader hos pasienter har store konsekvenser

Nesten kvar tredje eldre person over 65 år opplever å falle i løpet av eit år, mens over 50 prosent av sjukeheimsbebuarar har minst eitt fall per år. Det viser ei undersøking gjort av fylkesmennene i Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 04.02.2013
Undersøkinga som er gjort, er ein del av det såkalla fallprosjektet.

– Hovudmålet med prosjektet er å få ei detaljert kartlegging av førekomst, årsaker og risikofaktorar for fall og fallrelaterte skadar, slik at vi kan sette inn riktige tiltak og førebygge denne type skadar seier seniorrådgivar Ingrid Karin Hegvold hos Fylkesmannen i Sør-Trøndelag. 

Tal som prosjektet har fått fram, syner at omfanget av fall og fallrelaterte skadar er stort. Omtrent eitt av ti fall hos eldre fører til skadar som treng behandling, og enkelte fallrelaterte skadar slik som hoftebrot, kan vere svært alvorlege og er hos eldre personer assosiert med betydeleg dødelegheit. I mange tilfelle medfører fall i sjukehus skade som betyr forlenga liggetid på grunn av vidare undersøkingar og medisinsk og kirurgisk behandling. Det vil ofte vere behov for ekstra rehabilitering og det er større sjanse for at pasienten blir utskriven til institusjon i staden for til eigen bustad. Dette medfører vesentleg større kostnader.

– Reduksjon i talet på fall og fallrelaterte skadar vil derfor ha stor verdi for livskvaliteten for den enkelte, samtidig som det vil ha stor samfunnsøkonomisk gevinst, seier Hegvold.

Fallprosjektet avdekkjer dessutan at det trass i god kunnskap om omfanget av fall og dei alvorlege konsekvensane fall har, blir det i svært liten grad sett inn førebyggande tiltak. Dette gjeld både i kommunane og ved innlegging i sjukehus.

– Dokumentasjon av funksjonssvikt og falltendens blir i liten grad overført mellom nivåa i helsetenestene. Kjennskap til pasientens fallrisiko er viktig informasjon som bør følgje pasientane ved både innlegging og ved utskriving av sjukehus. Føring av fallhendingar, både med og utan skade, må løftast opp som viktig informasjon i pasientens journal, både i kommunane og i sjukehusa. Alle som er involvert i behandling og omsorg for pasienten må vere kjent med moglege risikoforhold, meiner Hegvold.

Rapporten frå fallprosjektet blei overlevert Helsetilsynet 31.1.2013