Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Fylkesmannen arrangerer temasamling for verjer

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane arrangerer samling for verjer for personar med psykisk utviklingshemming. Rett til sjølvbestemming og medbestemming, konvensjonen for menneske med nedsett funksjonsevne og tvang og makt blir sentrale tema på samlinga.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.10.2018

Monica Nes og Charlotte Lien, begge rådgjevarar på den juridiske avdelinga hjå Fylkesmannen, har ansvar for arrangementet. Dei kan fortelje at det er første gang Fylkesmannen inviterer til ei slik temasamling.

– Vi opplever at mange verjer ønskjer å vite meir om dei rettane personar med nedsett funksjonsevne har, slik at dei kan syte for at desse rettane vert sikra. Verjene har ein viktig funksjon med å ivareta den verjetrengande sine interesser, og det er difor avgjerande at dei får den informasjonen dei treng for å kunne utføre verjeoppgåva på best mogleg måte. Vi har eit spennande program for dagen og er heldige som har fått svært kunnskapsrike og kompetente føredragshaldarar til samlinga, seier Monica Nes.

Spennande program

Karl Elling Ellingsen kjem for å halde innlegg om tema som medbestemming og sjølvbestemming, og om tvang og makt. Han er utdanna vernepleiar, har doktorgrad i helsevitskap og omsorg, og er professor i funksjonshemming og deltaking. Han er og leiar for Nasjonalt kompetansemiljø om utviklingshemming (NAKU), som har som hovudoppgåve å utvikle det faglege grunnlaget for å skape gode levekår for personar med utviklingshemming.

I tillegg kjem juridisk rådgjevar Ingvild Østerby frå Norsk Forbund for Utviklingshemmede (NFU). Ho skal snakke om konvensjonen for menneskje med nedsett funksjonsevne. NFU har eit brennande engasjement for å fremje rettar for menneske med utviklingshemming, og har mykje kunnskap på feltet.

Ein viktig møteplass

– Rettar for personar med psykisk utviklingshemming er eit viktig og aktuelt tema, og vi håpar at så mange verjer som mogleg tek seg tid til å kome. Alle som er verjer for personar med psykisk utviklingshemming i fylket er velkomne. Her får ein høve til å treffe andre i same situasjon, dele erfaringar og diskutere aktuelle problemstillingar, seier Charlotte Lien.

Samlinga vert arrangert den 3. november 2018 på Scandic Sunnfjord i Førde. Påmeldingsfrist er 15. oktober. Ein kan melde seg på samlinga på Fylkesmannen sine nettsider eller ved å sende e-post til fmsfpost@fylkesmannen.no.

 

Klikk her for å lese meir om samlinga og melde deg på.

Kontaktpersonar

Lenkjer