Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Den største militærøvinga i Noreg sidan 1980-talet

Heile 40 000 soldatar er med når Nato og Forsvaret skal øve saman i tida 25. oktober til 7. november. Trident Juncture 2018 er så stor at òg vanlege folk vil merke øvinga.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.06.2018

Trident Juncture 2018 skal øve Natos utrykkingsstyrke og evna til å komme ein Nato-nasjon til unnsetning. For Noreg er øvinga eit høve til å trene på å ta i mot store forsterkningar med reelle styrkar. Øvinga har vore planlagt i fleire år, og det kjem mannskapar frå land som aldri har øvd i Noreg før. Nato har avgjort kva land som får delta.

Det er fylka Trøndelag, Møre og Romsdal, Oppland og Hedmark som i størst grad vil merke øvinga. I desse områda vil folk kunne merke øvinga i form av støy, eller som køar på vegane ettersom 40 000 soldatar, om lag 130 fly og kring 60 fartøy kjem til Noreg i samband med øvinga. Den militære aktiviteten vert synleg frå midten av august til midten av desember.

Fylkesmannen og Trident Juncture 2018
Trident Juncture skal øve relevante delar av det norske totalforsvaret. Øvinga er todelt, med ei feltøving og ei speløving. Ei av rollene til Fylkesmannen er å samordne den sivile planlegginga innan totalforsvaret i fylket. Vi vert involvert i speløvinga, og saman med Fylkesmannen i Hordaland vil vi øve som eitt embete. Ein av aktivitetane under øvinga vert å ha møte i fylkesberedskapsrådet.

Det er laga ei eiga nasjonal nettside for øvinga: https://forsvaret.no/øvelse