Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Oppfølging av personell som har vore i internasjonal teneste for staten

Dei fleste som har gjort teneste i internasjonale operasjonar kjem heim med nye erfaringar og ein unik kompetanse frå konfliktområde. Dei fleste veteranar greier seg bra etter tenesta, men nokre vil ha problem og utfordringar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.12.2018

Med si erfaring og kunnskap kan veteranane vere ein ressurs i lokalsamfunnet. Forsking viser at dei fleste greier seg bra. Opplevingar og hendingar i tenesta gjer likevel at nokre vil ha trong for oppfølging.

Regjeringa er opptatt av at personell som har vore i internasjonal teneste må få god oppfølging. Veteranane må få den heideren som dei fortener, men òg oppfølging og omsorg. Det gjeld òg familiane deira. Regjeringa ønskjer at fleire kommunar lagar eigne veteranplanar, gjerne i samarbeid med veteranorganisasjonane. Forsvaret har laga eit grunnlagsdokument for utvikling av kommunal veteranplan.

Vi har vore i kontakt med Norges Veteranforbund for Internasjonale Operasjonar (NVIO), avdeling Sogn og Fjordane. I følgje dei er det berre to kommunar i fylket som ikkje har veteranar busett. NVIO avdeling Sogn og Fjordane seier at dei ynskjer å bidra til at kommunane i fylket vårt har godt planverk for å ivareta veteranane våre.