Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Sogn og Fjordane på topp i undersøking av samfunnstryggleiksarbeidet i kommunane

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) har offentleggjort resultatet av undersøkinga av kommunane si oppfølging av beredskapsplikta. I samanlikninga mellom fylka kjem Sogn og Fjordane og Vestfold best ut i årets undersøking

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.04.2016

Det er fire område som er lagt til grunn i samanlikninga; heilskapleg ROS-analyse, overordna beredskapsplan, øvingar og plan for oppfølging.

Det er gledeleg når undersøkinga dokumenterer at det vert arbeidt godt med samfunnstryggleik i fylket. Kommunane tek dette arbeidet på alvor, og det er grunn til å tru at det m.a. skuldast at Sogn og Fjordane har opplevd mange større uønskte hendingar dei siste åra.

Resultata som vert framheva i «fylkesbarometeret» i undersøkinga viser at i Sogn og Fjordane har:

  • 75 % av kommunane ein heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse (landssnitt: 48 %).
  • 91 % av kommunane ein plan for oppfølging av arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap (landssnitt: 66 %).
  • 50 % av kommunane ein overordna beredskapsplan som oppfyller utvalde krav (landssnitt: 41 %).
  • Når det gjeld øvingar ligg fylket noko under landssnittet (70% mot eit landssnitt på 77 %).

Gjennomsnittsverdien for fylkesbarometeret i 2016 er 71 % for Sogn og Fjordane. I 2015 var den 54 %, og vi er såleis blant fylka med størst framgang samanlikna med undersøkinga i fjor.

Rapporten viser til at det generelt er eit potensiale for å forbetre involveringa av private og frivillige aktørar i arbeidet med kommunal beredskapsplikt.