Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Raud skogbrannfare

Som følgje av tørt og varmt vêr i vår, melder Meteorologisk institutt om svært stor skogbrannfare i store deler av Sør-Noreg. Det er viktig at folk respekterer forbodet mot å tenne opp eld.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 29.05.2018

I tillegg til det generelle bålforbodet har fleire kommunar i tillegg valt å gå ut med varsel der dei ber folk om å vere ekstra varsame.  

Dei siste dagane har det brunne fleire stader i landet. I tillegg til fleire mindre branntillaup i Sogn og Fjordane, oppstod det ein større skogbrann i Holvik i Vågsøy kommune søndag kveld. Der støtta Sivilforsvaret og helikopter brannvesenet i sløkkearbeidet.

Fylkesskogmeister Merete Larsmon oppmodar innbyggjarane i fylket om å vere ekstra varsame når dei ferdast i naturen.

- Skogsområda i fylket er uvanleg tørre. Sidan furutrea ikkje har fått ferske skot slik som grana, er furuskogen ekstra utsett. Til dømes kan glasskår som vert liggjande i solsteiken vere nok til å setje fyr på skog og lyng. Eingongsgrill og anna form for open eld har ingenting i skogane våre å gjere no, seier Larsmon.

Fylkesskogmeisteren oppmodar òg kommunane om å sjå om det er tiltak som kan gjerast for å kunne handtere branntillaup endå raskare og meir effektivt. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap melder om at den nasjonale skogbrannberedskapen er auka. Fleire helikopter er plassert ut i Sør-Noreg, mellom anna er eitt helikopter plassert på Bringeland i Gaular.

Kontaktpersonar