Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Beredskap knytt til faren for fjellskred frå Joasetbergi i Aurland

NVE gjorde i september i fjor ferdig ein rapport om fare- og risikoklassifisering av ustabile fjellparti. Klassifiseringa gav grunnlag for å definere Joasetbergi i Aurland som høgrisikoobjekt.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.03.2017

Joasetbergi er ei frittståande blokk vest for Joasete ved Flåm. Den har eit estimert volum på 280 000 m³. Den gjennomsnittlege rørsla er om lag éin cm per år. NVE seier at eit fjellskred frå dette området vil kunne nå fjorden og skape flodbølger med relativt store konsekvensar. Sannsynet for eit fjellskred er vurdert til å vere mellom 1/100 og 1/1000 per år, men truleg ligg sannsynet tett opp til klassa mellom 1/1000 og 1/5000. NVE etablerer no eit system for kontinuerlege målingar i Joasetbergi.

Nasjonal beredskapsplan for fjellskred seier at i fylke der det vert etablert overvaking og varsling av fjellskred, skal Fylkesmannen ta initiativ til å setje i verk beredskapsplanlegging. Beredskapen for fjellskred skal dimensjonerast for å hindre tap av liv og helse. Fylkesmannen har eit særleg ansvar for at det vert laga ein objektplan, der m.a. rutinar for planrevisjon, fagsamlingar, øvingar og informasjonsdeling skal omtalast.

Vi har sidan i fjor haust samarbeidt med Aurland kommune, politiet og NVE om å etablere eit beredskapssystem for fjellskredet. Grunnlaget for dimensjoneringa av beredskapen skal skaffast fram gjennom analyse av risiko og sårbarheit (ROS-analyse). Analysen skal liggje til grunn for framdrifta og prioriteringane i arbeidet.

Måndag 27. mars var det eit møte i Aurland der vi diskuterte ROS-analysen og den vidare framdrifta. På andre delen av møtet deltok òg representantar frå andre aktørar, som infrastruktureigarar, næringslivet og sivilforsvaret. Vi er i ferd med å starte på arbeidet med objektplanen. Vi vil mellom anna sjå kva som er gjort av tilsvarande arbeid andre stader i landet. Vi ønskjer difor å ha eit møte med Fylkesmannen, politiet og aktuelle kommunar på Sunnmøre, for å høyre om erfaringane frå arbeidet med beredskap for fjellskredet i Åkneset i Storfjorden.