Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Medietrening for ordførarane

Fylkesmannen arrangerte nyleg ein opplæringsdag for ordførarar og rådmenn, med vekt på informasjonsarbeid under kriser.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.04.2016

Scenarioet for dagen var ei alvorleg hending med truslar og vald på ein skule. Deltakarane øvde på å bruke media til å formidle den bodskapen som var viktig å få ut. Samstundes måtte dei takle kritiske og pågåande spørsmål om kommunen si handtering av saka, korleis dei stilte seg til krav som gjerningspersonen kom med og liknande.

Ordførar i Solund, Gunn Åmdal Mongstad, vert intervjua av Frode Stang

Alle deltakarane vart intervjua foran kamera i to rundar, før intervjuet vart spelt av og kommentert av instruktørane og alle dei andre deltakarane. Deltakarane var engasjerte og både rause og kritiske i tilbakemeldingane som dei gav kvarandre.

Frode Stang og Svein Tore Andersen frå Stang Media hadde ansvaret for det faglege innhaldet. Begge to har bakgrunn frå media, m.a. dagsnyttredaksjonen til NRK.

Kontaktpersonar