Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Framtidig organisering av naudmeldesentralar

Nærare 50 deltakarar var samla i Førde 28. oktober til møte med Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) om framtidig organisering av 110-tenesta, og til Politidirektoratet (POD) si orientering om etableringa av nye politidistrikt

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.10.2015

Anne Rygh Pedersen i DSB fortalde om naudmeldetenesta og planane for ei samlokalisering av 110-sentralen og operasjonssentralen. Ho orienterte òg om opplæring av tilsette i brann- og redningsvesenet. Hans Kristian Madsen frå direktoratet fortalde om avgjerdsgrunnlaget for ny organisering av brann- og redningsvesenet.

 

 Anne Rygh Pedersen/DSBAnne Rygh Pedersen, avd.direktør Brann og redning i DSB (foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane)

KS og Alarmsentralen presenterte eit forslag til ein alternativ måte å organisere 110-tenesta. Terje Heggheim (KS), Terje Brandsøy og Øyvind Bang-Olsen (Alarmsentralen) viste mellom anna til eit prøveprosjekt i Helse Vest med virtuelle AMK-sentralar. Dei meinte at ei tilsvarande løysing for 110-sentralane kan gi mange fordelar.

 

Terje Heggheim (KS), møte med DSB om framtidig 110-teneste 28.10.2015Terje Heggheim, leiar for rådmannsutvalet i KS (foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane)

Det kom ei rekkje spørsmål og synspunkt frå salen. DSB ville ta med seg innspela frå KS og Alarmsentralen. Dei ser likevel ikkje dette som ei løysing på det oppdraget DSB har fått frå Stortinget, der målet er ei fysisk samlokalisering. Dei såg det som eit interessant innspel for ein overgangsperiode, og sa det er viktig for DSB å sikre gode reserveløysingar i den nye strukturen.

Jenny Følling (KS) leia møtet med POD. Deltakarane fekk ei orientering frå Håkon Skulstad, som er prosjektleiar for "Prosjekt nye politidistrikt". KS la fram sine synspunkt på prosessen, og sa korleis organisasjonen ville engasjere seg vidare i saka.

Skulstad ville òg ta med seg innspelet frå KS og Alarmsentralen om alternativ organisering gjennom virtuell samanbinding av sentralar. Følling sa at KS kjem til å vere aktiv i høyringsrundane og setje ned ei ressursgruppe, og streka under at engasjement skuldast ei oppriktig interesse for å sikre gode tenester og god beredskap i Sogn og Fjordane.

 

Håkon Skulstad/PODHåkon Skulstad, prosjektleiar POD (foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane)

Sjå vedlagte presentasjonar og program frå møta.