Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Fylkesberedskapsrådet møtest i Flåm

Ei av oppgåvene til rådet er å vere ein arena for gjensidige orienteringar og drøfting av ulike tema innanfor samfunnstryggleiks- og beredskapsområdet. Tema på møtet tysdag og onsdag, vert m.a. ny risiko- og sårbarheitsanalyse for fylket, og endringar som følgje av omorganiseringa av politiet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.01.2016

Ein av gjestene på møtet vert analysesjef Jon Fitje Hoffmann i PST, som vil snakke om trusselbildet innanfor terror og etterretning. Politimeister Kaare Songstad vil orientere om organiseringa av politidistrikt Vest. Det vert òg ein diskusjonsrunde etter innlegget hans. Eit viktig tema i den vert korleis samvirket mellom beredskapsetatane kan fungere best mogleg etter omorganiseringa.

Eit anna viktig sak vert Totalforsvaret, og distriktssjefane i HV-09 og HV-11 vil m.a. snakke om det fagmilitære rådet frå Forsvarssjefen. På dag to skal m.a. asyl- og flyktningsituasjonen og arbeidet den nye risiko- og sårbarheitsanalysen (fylkes-ROS) drøftast. 

Dokument