Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Framtidig 110-teneste og etablering av nye politidistrikt

Torsdag 28. oktober er kommunane, brannvesen og Alarmsentralen invitert til møte med Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap om framtidig organisering av 110-tenesta, og med Politidirektoratet om etablering av nye politidistrikt

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.10.2015

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap har bedt Fylkesmannen leggje til rette for eit informasjons- og dialogmøte med kommunane, der tema m.a. er naudmeldingstenesta og samlokalisering av 110 og 112, og avgjerdsgrunnlag for ny organisering av brann- og redningsvesenet. På dette møtet vil Alarmsentralen og KS òg ha innlegg.

Spørsmålet om framtidige regionar og lokalisering for 110-tenesta heng nøye saman med organiseringa av politidistrikta. KS har difor invitert Politidirektoratet for å få ei orientering om den vidare prosessen med etablering av nytt politidistrikt.

Dei to møta vert gjennomført på Scandic Hotel Sunnfjord i tidsrommet 10.00 - 15.30. Vedlagt ligg eit samla program, og invitasjon som tidlegare er sendt ut.