Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Varsel om svært høg vass-stand (ekstremvêret «Vidar»)

For føremiddagen torsdag varslar Meteorologisk institutt om at det på Vestlandet sør for Stad er venta svært høg vass-stand (70-85 cm over verdiane oppgitt i tidevasstabellen).

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.01.2017

Eit lågtrykk (963 hPa) ligg i dag, onsdag, aust for Island. Lågtrykket går etter kvart søraustover og er venta utanfor kysten av Møre og Romsdal torsdag formiddag. Det er venta vestleg stiv kuling natt til torsdag, men ikkje ekstreme vindforhold i Sogn og Fjordane.  

Estimert returverdi for denne vass-standen er 20 år. http://www.kartverket.no/sehavniva/

For meir informasjon om ekstremvêr sjå: http://www.met.no/Meteorologi/A_varsle_varet/Varsling_av_farlig_var/

Kontaktpersonar