Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Ekstremveret Tor er på veg

Frå fredag ettermiddag er det venta svært kraftig vind i fylket. Det er òg stor snøskredfare og auka jordskredfare.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.01.2016

Meteorologisk institutt melder at i løpet av fredag er eit kraftig lågtrykk venta å flytte seg inn i den nordlege delen av Nordsjøen, og seinare mot Vestlandet og Trøndelag. I Sogn og Fjordane er det frå fredag ettermiddag til tidleg natt til laurdag venta vest og sørvest sterk storm på kysten. Det kan kome opp mot orkan, med vindkast på 35-50 m/s inn over land. Det blir høge bølger, særleg inn mot kysten, men det kan ventast kraftig vind og sjø innover i fjordane òg.

Fylkesmannen har sendt vidare ekstremvêrvarselet til alle kommunane, fylkesberedskapsrådet og media. Vi har vore i dialog med politidistriktet og kraftforsyninga. Vi har oppmoda kommunane om å ta kontakt med lokalt politi og nettselskap, for å gjere felles vurderingar av situasjonen, og utveksle kontaktinformasjon for helga. Politidistriktet har sendt ut ei tilsvarande oppmoding til lensmannskontora.

Situasjonen kan minne om Dagmar i romjula 2011, men så langt trur ikkje Meteorologisk institutt at vinden vil verte like kraftig denne gongen. Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap sendte i ettermiddag ut eit notat som omtalar erfaringane som vart gjort under Dagmar, og eit notat med ein del råd om korleis kommunane og regionale styresmakter kan førebu seg. Notata inneheld fleire nyttige påminningar. Dersom situasjonen gjer det nødvendig å setje i verk særlege informasjonstiltak i kommunane, er det viktig å vere medviten om at det bur mange folk i fylket som ikkje har norsk som morsmål, men som òg har trong for informasjon.

NVE har sendt ut varsel om stor snøskredfare (faregrad 4), og jord- og flaumskredfare på gult nivå. Auka fare for jord- og flaumskred bør generelt òg sjåast på som ein indikasjon på fare for flaum/overfløymingar i mindre vassdrag. Meir opplysningar kan finnast på http://varsom.no/.