Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Då ekstremvêret Tor var her

Tor kom, herja med oss og så drog han vidare. Ein del stader manglar framleis straum. Teletenestene er òg ute her og der, særleg i Gulen

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.01.2016

Vi fekk tidleg i veka dei første indikasjonane på at noko var på gang. Midt på dagen på torsdag var Meteorologisk institutt så sikre på kva som var i vente at dei  sendte eit ekstremvêrvarsel, som vi sendte vidare til kommunane og ei rekkje andre etatar og organisasjonar. Same kveld kom det og varsel frå NVE om stor snøskredfare og auka jordskredfare.

Det er etablert gode rutinar for varsling til styresmakter og mellom styresmakter. Vi såg at kommunane og etatane med beredskapsoppgåver tok varslinga på alvor, og sette i gang å førebu seg. Eit godt døme i så måte er Askvoll kommune. Tidleg på fredag vart det lagt ut informasjon om førebuingane på kommunen si heimeside. Der stod det mellom anna kvar bebuarane på Værlandet og Bulandet kunne møte for å ringe frå kommunen sin satellittelefon, i tilfelle telenettet var ute av drift.

I Selje hadde kriseleiinga møte tidleg fredag morgon. Der vart det diskutert kva scenario kommunen måtte rekne med å møte, til dømes kva problem bortfall av straum og kommunikasjonar kunne gi. Det vart bestemt at dersom nettet gjekk ned, skulle mannskap med naudnettradioar plasserast ved eldretuna på Flatraket og Stadlandet, og ved Seljetunet. Det vart òg bestemt at straumaggregata ved eldretuna og Seljetunet skulle kontrollerast. Liknande meldingar om førebuingar kom frå dei andre kommunane våre.

Fylkesmannen har hatt god dialog med naudetatane, vegvesenet, Telenor og kraftnæringa gjennom desse dagane. Vi har fått tilbakemeldingar om korleis politiet, Helse Førde og alarmsentralen har vurdert situasjonen, og vi har sett at dei har hatt jamleg møte seg i mellom. Telenor og kraftforsyninga sin distriktssjef har heldt oss oppdatert på omfanget av utfalla, og vi har diskutert kva som bør prioriterast i arbeidet med feilsøking og retting.

Ei ekstremvêrhending er godt mediestoff. For oss er det veldig bra, fordi det gjer det lett å nå ut med informasjon. Det er viktig at den enkelte innbyggjar òg førebur seg på det som vert varsla. Vi bur i eit fylke der folk er vande til mykje vêr og vind. Likevel har vi tillate oss å kome med nokre råd om kva folk bør tenkje på. I ei tid då vi tek det som sjølvsagt at mobiltelefonen og internett alltid fungerer, og det alltid er elektrisk lys i huset, kan det kanskje ha ein viss nytte å høyre at det er stor fare for utfall når stormen får herje.

 

Kontaktpersonar