Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Nye rutinar for varsling av naturfare

Kommunane må seinast 20. april teikne abonnement for å verte varsla om fare for flaum, jordskred og snøskred på gult nivå.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.03.2017

Fram til no har NVE sendt varsel om fare på alle nivå (gult, oransje og raudt) til Fylkesmannen, som igjen har sendt desse vidare til kommunane. Frå 20. april 2017 vil ikkje lenger Fylkesmannen vidaresende varsel på gult nivå. Fylkesmannen vil vidaresende varsel på oransje og raudt nivå som før.

NVE tilbyr no ei gratis abonnementsløysing, og kommunane vil sjølve administrere kva type naturhendingar dei ønskjer å få varsel om, òg om det skal kome på e-post eller SMS. Bestilling av abonnement må gjerast på NVE sine sider.

Vi oppmodar kommunane og andre beredskapsaktørar om å opprette abonnement (t.d. abonnere på varsel til kommunen si felles e-postadresse for beredskap). Dei som ønskjer varsel på SMS må opprette personlege abonnement der telefonnummer blir registrert.

NVE seier at løysinga framleis er ein beta-versjon, og at det kan oppstå feil.

Vedlagt ligg eit informasjonsskriv frå NVE.