Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Vern av Tingastad naturreservat

Regjeringa vedtok i statsråd 14.12.2018 å opprette Tingastad naturreservat i Sogndal kommune etter prosedyren for frivillig skogvern.

Denne saka er skriven før 1.1. 2021 då Fylkesmannen endra namn til Statsforvaltaren.

Publisert 17.12.2018

Bakgrunnen for oppretting av naturreservatet er dei store naturverdiane i området, som er vurdert til å liggje i overgangen mellom A (nasjonalt viktig) og B (regionalt viktig. Høgast verdi får området for liten påverknad og for stor mengde daud ved.

Vernet skjer etter prosedyren for frivillig vern av skog. Naturreservatet gjeld gnr/bnr 108/2 som Miljødirektoratet eig etter at dei kjøpte eigedomen frå Statskog med naturreservat som føremål. Den nedlagde garden Tingastad (gnr/bnr 108/1) er ikkje med i naturreservatet. Grensa er i nord trekt slik at ein gamal skogsbilveg vert liggjande utanfor naturreservatet.

Friluftslivet i området kan halde fram som før. Det går ein sti ned til garden Tingastad, og den nedste delen av denne går gjennom naturreservatet.

Regjeringa verna same dag totalt 40 nye skogområde i åtte fylke.