Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Verneområde

Den største trusselen mot naturmangfaldet i Noreg er at leveområde for dyr og plantar blir øydelagde og delte opp. Naturreservat, nasjonalparkar og andre verneområde bidreg til å ta vare på naturverdiar og bevare område av internasjonal, nasjonal og regional verdi. Verneområde kan også opprettast for å ta vare på eigenart og kulturminne i landskapet.

Forvaltning av verneområda

Ansvaret for å forvalte verneområda er delt mellom sentrale og lokale styresmakter. Statsforvaltaren er forvaltningsstyresmakt i dei fleste naturreservata. Frå 2010 har kommunar med areal i nasjonalparkar og større landskapsvernområde fått tilbod om å overta forvaltningsansvaret. Det er oppretta fleire interkommunale verneområdestyre. Ein statleg tilsett verneområdeforvaltar er sekretær for styra.

Forvaltningsstyresmaktene skal først og fremst handheve vernereglane og utarbeide forvaltnings- og skjøtselsplanar. Dei har også ansvar for informasjon og merking i verneområda. Dette gjer dei i samarbeid med Statens naturoppsyn (SNO).

Du kan ferdast i verneområda

Allemannsretten gir deg høve til å ferdast fritt i verneområda. All ferdsel må skje omsynsfullt, slik at dyr og plantar ikkje blir skadde eller forstyrra. I enkelte område kan det vere ferdselsforbod delar av året, som i hekke- og yngletida. Av omsyn til dyrelivet er det forbode å jakte i fuglefredingsområde og ein del naturreservat, men i mange verneområde kan du jakte og fiske så sant du har gyldig jakt- og fiskekort. Du kan fritt plukke bær og sopp.

Det er eit mål at motorisert ferdsel i verneområda skal avgrensast, både av omsyn til dyre- og plantelivet og faren for sporskadar, og for at ein skal kunne oppleve naturen utan forstyrrande bråk. Du kan søkje om å drive motorferdsel i eit verneområde. Det er Statsforvaltaren som behandlar søknaden.

Vis meir

Det er til saman 156 verna naturførekomstar i Sogn og Fjordane. Av desse er 12 såkalla naturminne, ei eldre verneform som stort sett dreier seg om enkelttre. Av eigentlege naturvernområde har vi 144. Dei femnar om 125 naturreservat, 4 nasjonalparkar, 10 landskapsvernområde og 5 område med fuglelivsfreding. Naturvernområda i fylket utgjer totalt 4064 km2 landareal og 163 km2 sjøareal.

Det verna landarealet utgjer 21,8 % av Sogn og Fjordane, medan 4,2 % av sjøarealet innanfor grunnlinja i fylket er verna i dag. Sjølv om fylket er blant dei som prosentvis har mykje verna areal i landet, er det berre ein svært liten del av dei artsrike låglandsområda som er verna. Nesten 90 % av det verna landarealet i fylket ligg høgare enn 800 meter over havet, og ein vesentleg del av den verna naturen er is og snø.


17.12.2018

Vern av Tingastad naturreservat

Regjeringa vedtok i statsråd 14.12.2018 å opprette Tingastad naturreservat i Sogndal kommune etter prosedyren for frivillig skogvern.


20.08.2018

Tingastad naturreservat – tilråding

Fylkesmannen har sendt si tilråding om å opprette Tingastad naturreservat i Sogndal kommune.


22.06.2018

Vern av to skogområde på Kaupanger

Regjeringa vedtok i statsråd i dag å opprette Rodeholene naturreservat og Breisete naturreservat på Kaupanger i Sogndal kommune.


19.04.2018

Hugs ferdselsforbodet i sjøfuglreservata

Sjøfuglane har begynt årets hekkesesong. I denne sårbare perioden er det viktig at fuglane ikkje blir forstyrra, og derfor er det no ferdselsforbod i sjøfuglreservata.


20.03.2018

Oppstart nye område med frivillig skogvern

Fylkesmannen har sendt melding om oppstart om verneprosess for oppretting av naturreservat i tre område etter prosedyren for frivillig vern.


06.03.2018

Frivillig skogvern på Kaupanger

Fylkesmannen har sendt si tilråding om oppretting av Rodeholene naturreservat og Breisete naturreservat på Kaupanger i Sogndal kommune til Miljødirektoratet.


20.02.2018

Nasjonalparkforvaltning på tvers av fylkesgrensene

Nasjonalpark- og verneområdeforvaltarane hadde besøksstrategi, merkevarebygging og formidling som tema på ein fagdag i Fjærland.


23.01.2018

Naturområde i fylket på europeisk «smaragdliste»

Europarådet har gjort vedtak om å ta inn i alt 568 område i Noreg inn i Emerald network, ei «smaragdliste» over verdfull natur i Europa. Av desse ligg 31 naturområde i Sogn og Fjordane.


14.12.2017

Frivillig skogvern i to område

Regjeringa gjorde i statsråd 1.12.2017 vedtak om å opprette Stordalen naturreservat i kommunane Gloppen og Stryn, og å utvide Ytamo naturreservat i Luster kommune.


09.11.2017

Marint vern kring Stad og Dalsfjorden

Fylkesmannen har sendt melding om start på arbeidet med marint vern kring Stad og i Dalsfjorden. Oppretting av marine verneområde er eit ledd i arbeidet med å verne eit representativt utval av norsk natur for komande generasjonar.