Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Gjengedal kraftverk og ny 132 kV kraftline Storebru/Agledal

Fylkesmannen rår frå søknaden om bygging av Gjengedal kraftverk i Gloppen kommune på grunn av konfliktar med naturmiljø, landskap og friluftsliv.

 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.06.2014

Gjengedal kraftverk kan gje eit viktig nasjonalt bidrag til energiproduksjonen, og ny 132 kV kraftline Gjengedal-Storebru/Agledal vil betre overføringskapasiteten i området. Samtidig er det avgjerande at ei eventuell utbygging kan skje på ein måte som tek vare på dei svært store verdiane innan naturmiljø, landskap og friluftsliv.

Gjengedalsfossen
Gjengedalsfossen

Fylkesmannen meiner at begge dei konsesjonssøkte alternativa for Gjengedal kraftverk vil råke naturmiljø, landskap og friluftsliv i stor grad, og at kunnskapsgrunnlaget om konsekvensane for desse interessene ikkje fullt ut er tilfredsstillande. Dette gjeld spesielt Gjengedalsfossen med fossesprøytsona og bekkekløfta, og produksjonen av, og fisket etter, laks og sjøaure. Konsekvensane for dei allmenne interessene er særleg knytt til reguleringa av dei to vatna og til utbygginga av Gjengedalsfossen. Fylkesmannen meiner difor det bør utgreiast eit alternativ med kraftstasjonsavlaup ovanfor fossen og utan regulering av vatna, og vi rår frå at det vert gjeve konsesjon til Gjengedal kraftverk slik som planane no ligg føre.

Den planlagde kraftlina vil gå gjennom fleire naturtypar, og raudlisteartar kan bli råka av tiltaket. Kraftlina vil gå gjennom store område utan tekniske inngrep, og det bør utgreiast om lina kan parallellførast på større deler av strekninga.

Fylkesmannen har vurdert om kraftprosjektet vil få konsekvensar for kjende allmenne interesser som naturmiljø, landskap og friluftsliv, og vi legg spesielt vekt på nye nasjonale politiske føringar om naturmangfald og økologiske tilhøve i vassdraget. Vi har også vurdert om landbruksinteresser og beredskapsinteresser vert råka. Prosjekta skal avgjerast av Olje- og energidepartementet etter utgreiing og innstilling frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).