Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Rovvilt

Bjørn, ulv, gaupe, jerv og kongeørn blir rekna som rovvilt. Det er eit hovudmål å sikre levedyktige bestandar av dei fire store rovdyrartane og av kongeørn. Samtidig er det eit mål å oppretthalde eit aktivt landbruk for å utnytte beiteressursane for sau og rein i utmark. For å nå dette todelte målet må vi forvalte rovviltbestanden, samtidig som landbruket må tilpasse seg noko i kjerneområda for rovvilt.

Dette er nokre av Statsforvaltarens oppgåver i forvaltninga av rovvilt:

  • tildele midlar til førebyggjande tiltak mot rovviltskadar og behandle søknader om erstatning for skadar som freda rovvilt har gjort på bufe
  • behandle søknader om båsfangst av jerv og gaupe
  • gi løyve til skadefelling av gaupe, jerv, ulv og bjørn innanfor tildelt kvote frå rovviltnemnda
  • stå for forvaltninga av kongeørn, mellom anna å vurdere søknader om skadefelling
  • vere sekretariat for den regionale rovviltnemnda, som skal sørgje for at rovdyrstammane blir forvalta slik at talet på dyr er så nær bestandsmålet i regionen som mogleg

Vis meir

Stortinget har bestemt at det ikkje skal vere faste førekomstar av gaupe, jerv, ulv og bjørn i Sogn og Fjordane. Streifdyr kan førekome, og vanlegast er gaupe og jerv. Tidvis er det også yngling av jerv og gaupe. Eit aktivt jordbruk og stor bruk av dei gode beiteressursane er hovudgrunnen til at Vestlandet er prioritert for beitedyr. Det er lisensjakt på jerv og kvotefri jakt på gaupe i fylket. Vi har om lag hundre par hekkande kongeørnpar i Sogn og Fjordane.


Publisert 18.10.2018

No kan du søke om rovvilterstatning

Det elektroniske søknadssenteret for rovvilterstatning er opna og søknader skal sendast inn her innan 1. november.


Publisert 06.09.2018

Lisensjakt på jerv og ulv

Rovviltnemnda har vedteke at åtte jervar kan fellast under årets lisensjakt i region 1, i tillegg til tre ulvar.


Publisert 31.08.2018

Forlenging av skadefellingsløyve på ulv

Fylkesmannen har i dag forlenga skadefellingsløyvet på ein ulv mellom Dalsfjorden og Sognefjorden.


Publisert 22.08.2018

Nytt skadefellingsløyve på ulv

Fylkesmannen har i dag gjeve eit nytt skadefellingsløyve på ein ulv i eit område mellom Dalsfjorden og Sognefjorden. 


Publisert 03.08.2018

Avslag på vidare fellingsløyve for ulv

Fylkesmannen har gitt avslag på søknad om forlenga skadefellingsløyve på ulv mellom Dalsfjorden og Sognefjorden.


Publisert 27.07.2018

Forlenging av fellingsløyve på ulv mellom Dalsfjorden og Sognefjorden

Fylkesmannen har forlenga fellingsløyvet på ein ulv i området mellom Dalsfjorden og Sognefjorden. Forlenginga vert gjort med bakgrunn i melding om observasjon av ulv i området. 


Publisert 20.07.2018

Fellingsløyve på ulv mellom Dalsfjorden og Sognefjorden

Fylkesmannen har gjeve Guddal beitelag, Flekke beitelag, Fjorden og Dale beitelag og Gaular beitelag løyve til felling av ein skadegjerande ulv. Det er knytt fleire vilkår til fellingsløyvet.


Publisert 09.07.2018

Fellingsløyve på ulv i Naustdal

Fylkesmannen har gjeve Nordsida og Svoen sankelag løyve til felling av ein skadegjerande ulv i Naustdal kommune. Det er knytt fleire vilkår til fellingsløyvet.


Publisert 31.01.2018

Kvotefri jakt på gaupe

Kvotejakta på gaupe startar opp 1. februar og varer til 31. mars 2018. Rovviltnemnda i Region 1 har vedteke kvotefri gaupejakt i heile Sogn og Fjordane i denne perioden.


Publisert 24.10.2017

No kan du søke om rovvilterstatning

Det elektroniske søknadssenteret for rovvilterstatning er opna og søknader skal sendast inn her innan 1. november.