Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Kjenner du reglane for bruk av vasskuter?

Bruk av vasskuter er berre lovleg utanfor definerte forbodssoner. Du må halde deg minst 400 meter frå land i sjø og 500 meter frå land i ferskvatn. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.06.2016

Frå Askvoll

Reglane for bruk av vasskuter er fastsett i "Forskrift 21. juni 2013 om bruk av vannscooter og lignende".

Det er ikkje tillate å køyre vasskuter i sjø:

  1. i eit heildekkande belte på 400 meter ut frå land
  2. i verneområde
  3. eit heildekkande belte på 400 meter frå alle verneområda

Det er ikkje tillate å køyre vasskuter i vassdrag, herunder innsjøar:

  1. i eit heildekkande belte på 500 meter ut frå land
  2. i verneområde
  3. i eit heldekkande belte på 500 meter frå alle verneområda
  4. i innsjøar mindre enn 2 km2, jamfør lov 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag § 4 tredje ledd, om tillatelse med heimel direkte i lova

Det er laga eit rettleiande kart som viser både dei generelle forbodssonene og verneområda med buffersoner. Det er tillate med  transportkøyring i låg fart gjennom dei generelle forbodsbelta for å kome ut til opne område. Det er ikkje tillate med slik transportkøyring gjennom verneområde.