Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Ny frist for søknad om produksjonstilskot

Fristen for å søke produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket er endra. No er det opna for å sende inn søknad for dei som var for seine i mars 2018. Dette har vore ein absolutt frist slik at dei som søkte for seint ikkje fekk tilskot.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.10.2018

Landbruksdirektoratet har i rundskriv 2018-42 gjeve nye retningslinjer for praktisering av søknadsfristen 15. mars 2018. Dei som ikkje søkte innan fristen fekk heller ikkje tilskot. No er det sett ny frist slik at dei som ikkje søkte i mars kan kome med ein ny søknad innan 29. oktober. Ta kontakt med kommunen for nærare informasjon.