Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Skogfondordninga

Skogfond er ei pliktig avsetning der formålet er å sikre finansiering av ei bærekraftig forvaltning av skogressursane. Skogfondet skal gje skogeigaren eit betre grunnlag for langsiktige investeringar, samt sikre viktige miljøverdiar i den skogen som virket kjem frå, eller i annan skog som skogeigaren har.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.05.2013

Plikt til å setje av skogfond til nye investeringar i skogen er heimla i skoglova. Skogfondsmidlane skal trekkast frå brutto salspris av tømmer og virke til bioenergi, og vert utgiftsført. Skogeigar kan fritt velje trekksats mellom 4 og 40 %. Dersom anna ikkje er oppgitt, vert det trekt 10 %. Pengane går inn på eigen skogfondkonto og er ikkje rentebærande. Skogfond gir inntil 85 % skattefritak til einskilde investeringar. Skogfond kan også nyttast til å dekke eigen arbeidsinnsats ved tiltak som er godkjende for bruk av skogfondsmidlar.

Skogfondsordninga vert administrert av skogansvarleg i kommunen.

Kva kan skogfondet brukast til?
Skogfondet skal brukast til langsiktige investeringar, samt å sikre viktige miljøverdiar i den skogen som virket kjem frå, eller i annan skog som skogeigaren har.

  • skogkulturtiltak, som planting og ungskogpleie
  • bygging og opprusting av skogsvegar og velteplassar
  • vedlikehald av skogsbilvegar
  • miljøtiltak, som pleie av kulturminner i skog
  • skogbruksplanlegging med miljøregistreringar
  • biovarmeanlegg for varmeleveransar
  • forsikring av skog
  • kursavgift og kursmateriell for kurs knytt til skogen si drift
  • oppmerking av eigedomsgrenser ved jordskifte i skog

Innbetaling og utbetaling av skogfondsmidlar
Innbetaling av skogfond skjer vanlegvis ved at tømmerkjøparen trekkjer skogfondsavsetninga frå oppgjeret med skogeigar, og betaler dette inn til skogfondskontoen. Skogfondsmidlar vert utbetalt ved at skogeigar sender dokumentasjon av utførte investeringstiltak til kommunen.