Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Søk midlar frå klima- og miljøprogrammet

Frå januar 2018 må du søke om midlar til fylkesvise tiltak fra Klima- og miljøprogrammet i jordbruket via elektronisk skjema i Altinn.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.10.2018

Klima- og miljøprogrammet i jordbruket er ei tilskotsordning retta mot prosjekt innan praktisk retta kunnskapsutvikling, utgreiingar og informasjonstiltak knytt til klima og miljø. Prosjekt som får støtte frå programmet skal medverke til å nå følgjande mål:

Miljø:

  • Ta vare på og utvikle det opne og særmerkte kulturlandskapet
  • Redusere ureining knytt til tap av næringsstoff frå jordbruksareal til luft og vatn

Klima:

  • Tilpasse landbruksdrifta til eit endra klima
  • Halde forholdet mellom utslepp og binding av klimagassar i Sogn og Fjordane nede på 2010-nivå som er 13 prosent utslepp frå jordbruket i høve til binding i skog

Fylkesmannen forvaltar midlane som går til fylkesvise tiltak. Ramma for 2018 er på kr 50 000.

Søknadsfristen er 6. november.

All informasjon om søknad og søknadsskjema finn du her