Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Inn på tunet+ for etablerte bedrifter

Driv du eiga Inn på tunet-bedrift i Sogn og Fjordane eller i Hordaland, treng fagleg påfyll og står framom viktige vegval for di bedrift?

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.06.2015

Fylkesmannen og Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane og Hordaland set i gong Inn på tunet+ frå hausten 2015. Inn på tunet+ er eit tilbod til deg som har hatt Inn på tunet-bedrift i minimum tre år og som har konkrete planar om å utvikle bedrifta vidare.

Inn på tunet+ består av to delar; mentorordning og kurs med fire samlingar gjennom hausten og vinteren 2015/2016.

Som dagleg leiar har du mange utfordringar i kvardagen; frå budsjettering, utvikling av tenestene dine, marknadsarbeid og sal. Det kan ofte verte lite tid til fagleg påfyll og å knyte kontaktar med andre bedrifter for erfaringsdeling og læring.

Mentorordning - Inn på tunet+

Med ein mentor får du ein diskusjonspartnar som kan gje deg gode råd i utvikling av bedrifta di og som kan hjelpe deg vidare med å ta dei rette vala. Ordninga inkluderer om lag 30 timar med rettleiing og reisekostnader inntil kr. 35 000 eksl. mva. Dette vert dekka fullt ut av Innovasjon Norge.

Kurs - Inn på tunet+

Kurset omfattar tema som er viktig for deg som leiar av ei Inn på tunet-bedrift og du får kunnskap og verkty som vil hjelpe deg med utvikling av bedrifta di. Kurssamlingane vil bli lagt opp i samarbeid med mentorane og vil knytast til tema i rettleiingstimane og tilpassast undervegs. Kursdelen består av to fysiske samlingar over to dagar og to dagssamlingar over video. Kurset vert dekka av Fylkesmannen der deltakarane betalar reise og opphald i samband med kursa sjølve.

Aktuelt innhald i kursdelane

  • Forretningsmodellering – korleis utviklar du forretningsideen din, kva er dine ressursar på garden og hos deg sjølv, kunderelasjonar?
  • Utvikling av eigen tilbod og tenester og omdømmebygging – korleis utviklar ein tilboda til å bli endå betre? Kva etterspør eksisterande og nye kundar?
  • Marknadsarbeid og sal – korleis skape salbare produkt gjennom kommunikasjon med kunden og marknadsundersøkingar?
  • Kundepleie – korleis skal du følgje opp kundane dine og brukargruppene som nyttar dine tilbod på ein best mogleg måte?
  • Arbeid med eigne tilbod og tenester - korleis utviklar ein tilboda til å bli enda betre? Kva etterspør eksisterande og nye kundar
  • Bedriftssamarbeid og nyttige nettverk
  • Avtalar, anbod og forhandlingar –  korleis forhandlar ein fram avtalar til beste for bedrifta, korleis svarar ein på offentlege utlysingar og kva er den riktige prisen for dine tenester?

Dato og stad for samlingane

  • Fysisk samling, 23. – 24. oktober, Bergen.
  • Videosamling, 9. januar, Bergen og Førde.
  • Videosamling, 6. februar, Bergen og Førde.
  • Fysisk samling, 8. – 9. april, Førde.

Påmelding
Avgrensa tal plassar. Påmeldingsfrist er 15. september. Bindande påmelding og førstemann til mølla!

For påmelding til IPT+ 2015/2016, må du søkje på mentorordninga elektronisk på lenkene nedanfor. Er du kvalifisert for mentor, vert du automatisk med på kursdelen.

Vi ynskjer gjerne at du tek ein prat med oss på førehand før påmelding slik at vi kan starte arbeidet med å finne riktig mentor til deg og di bedrift.

For søkjarar frå Sogn og Fjordane – ta kontakt med:

Vemund Aartun, seniorrådgjevar, Innovasjon Norge, Sogn og Fjordane.
Telefon: +47 576 51 956 eller +47 992 93 696 (mobil)
E-post: vemund.aartun@innovasjonnorge.no

Søknadsskjema Sogn og Fjordane

For søkjarar frå Hordaland – ta kontakt med:

May Britt Otterlei, seniorrådgjevar, Innovasjon Norge, Hordaland
Telefon: +47 555 59 387 eller +47 906 11 632 (mobil)
E-post: may.britt.otterlei@innovasjonnorge.no

Har du elles spørsmål til IPT+, ta også kontakt med:

Karoline Bjerkeset, prosjektleiar, Inn på tunet, Fylkesmannnen i Sogn og Fjordane
Telefon: 57 64 30 93 eller 926 41 843 (mobil)
E-post: fmsfkab@fylkesmannen.no

Ragna Flotve, seniorrådgjevar, Inn på tunet, Fylkesmannen i Hordaland
Telefon: 55 57 21 72 eller 901 01 541 (mobil)
E-post: fmhorfl@fylkesmannen.no

Nærkontakt med geiter. Foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.