Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Løysing for bustadtomt

Høyanger kommune har godkjent justert søknad om bygging av nytt bustadhus på Søreide. Fylkesmannen har ikkje innvendingar til dette.

Denne saka er skriven før 1.1. 2021 då Fylkesmannen endra namn til Statsforvaltaren.

Publisert 12.12.2018

I mars klaga Fylkesmannen på eit vedtak i Høyanger kommune om plassering av ei bustadtomt på Søreide. Grunngjevinga var mellom anna omsyn til jordvernet.

Fylkesmannen i Rogaland vart settefylkesmann og tok klagen til følgje. Resultatet skapte merksemd på grunn av behovet for auka busetnad i bygda. Vi vart kontakta av ordføraren og invitert på synfaring i oktober for å sjå på andre alternativ.

Søkjar sende deretter inn ein justert søknad som går ut på å rive ein gamal låve i tunet og plassere det nye huset i det området. Kommunen godkjende denne løysinga i slutten av november, og vi har ikkje innvendingar.

Dette var ei vanskeleg sak der viktige interesser stod mot kvarandre. Vi er godt nøgde med resultatet og dialogen som førte fram til denne løysinga.