Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Justerer grensa mellom Balestrand og Høyanger

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har vedtatt at grensa mellom Balestrand og Høyanger skal justerast slik at Nesse grunnkrins blir flytta til Høyanger kommune. Den nye kommunegrensa skal følgje eigedomsgrensene i fjellet og grunnkrinsgrensa ved fjorden.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.12.2018

Endringa vil skje frå 1. januar 2020, samstundes som iverksettinga av samanslåinga av Balestrand, Leikanger og Sogndal til nye Sogndal.

Det er lagt særleg vekt på bruken av kommunale tenester. Det blir også vist til den klare folkevilja hjå innbyggjarane og deira samla tilknyting til Høyanger på viktige livsområde. Mange av innbyggjarane på Nessane har ein naturleg tilknyting til Høyanger gjennom arbeid, handel og bruk av kultur- og fritidstilbod. Bygdene Sæle og Lindane blir framleis ein del av Balestrand kommune.

Bakgrunnen for saka er eit innbyggjarinitiativ frå Nesse Grendelag. Kommunal- og moderniseringsdepartementet bestemte at saka skulle greiast ut, og ga Fylkesmannen oppdraget.

Telemarksforsking har stått for faktautgreiinga, og har også gjennomført innbyggjarundersøking. Området som blir tilrådd overført til Høyanger kommune – der store delar er skog og høgfjellsområde – utgjer om lag 24 prosent av landarealet i Balestrand kommune, og har knappe 8 prosent av innbyggjarane. 98 prosent av dei som svarte på innbyggjarundersøkinga ønskjer å bli ein del av Høyanger kommune. Vidare viser utgreiinga at innbyggjarane har ein naturleg tilknyting til Høyanger gjennom arbeid, pendling, handel og bruk av kultur- og fritidstilbod. Telemarksforsking konkluderer med at ei grensejustering synest å vere i tråd med måla for kommunereforma og kriteria for god kommunestruktur. Ei justering vil også gje ein enklare og betre kvardag for innbyggjarane i området, og kan vera positivt for lokaldemokratisk deltaking og engasjement.

Vedtaket er i tråd med Fylkesmannen si tilråding.