Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Fylkesmannen tilrår samanslåing av Selje og Eid

Vi tilrår samanslåing av kommunane Selje og Eid frå 2020, og held fast på tilrådinga om samanslåing av kommunane Sogndal, Leikanger og Balestrand frå 2020.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.01.2017

Med grunnlag i lokale prosessar med vedtak etter 01.10.2016 i kommunereforma, kjem Fylkesmannen med følgjande oppdatering av tilrådinga:

  • Vi tilrår samanslåing av kommunane Selje og Eid frå 2020. Som alternativ held vi fast på tilråding om samanslåing av Selje og Vågsøy.
  • Vi held og fast på tilrådinga om samanslåing av kommunane Sogndal, Leikanger og Balestrand frå 2020.

Selje og Eid med Vågsøy

Det er mange argument som talar for at den beste løysinga i kommunereforma for desse tre kommunane, er at dei slår seg saman til ein ny stor kommune. Men Vågsøy er tydelege på at dei ikkje ynskjer denne løysinga. Dei prioriterer ein framtidig kystkommune sørover mot Bremanger og Flora. Utgangspunktet for kommunereforma er frivillige gjensidige vedtak i kommunane om samanslåing. Unntak frå dette kan tenkjast der det er ein kommune som stengjer for ei elles fornuftig løysing mellom fleire. Sjølv om vi altså vurderer det slik at det kunne bli ei endå betre og meir langsiktig løysing å slå saman alle tre kommunane, kan vi ikkje sjå at det stengjer for ei fornuftig samanslåing at berre Selje og Eid slår seg saman. Vi finn derfor ikkje tilstrekkeleg grunnlag for å tilrå ei samanslåing av Selje, Vågsøy og Eid frå 2020.

Vi står fast ved det faglege grunnlaget og argumentasjonen frå september 2016 om ei samanslåing mellom Vågsøy og Selje. Men Selje har no inngått intensjonsavtale med Eid, og dette alternativet oppfyller også langt på veg målsettingane i kommunereforma. Det var først og fremst omsynet til Selje som låg bak tilrådinga om å slå saman Vågsøy og Selje. Sjølv om ei samanslåing av Selje og Eid betyr større avstandar internt i ein ny kommune, meiner vi at det kan bidra til å sikre betre og likeverdige tenester til innbyggjarane. Det vert lettare for den nye kommunen å skaffe naudsynt kapasitet og relevant kompetanse, ein meir berekraftig økonomi og eit styrka lokaldemokrati. Gjennom intensjonsavtalen ligg det til rette for å utvikle eit funksjonelt område for ei heilskapleg samfunnsutvikling, både lokalt og regionalt.

Sogndal, Leikanger og Balestrand

Vi viser til utgreiinga, vurderinga og tilrådinga frå september 2016 for desse tre kommunane. Vi meiner at vurderingane og tilrådinga byggjer på eit fagleg grunnlag etter målsettingar for reforma og kriteria for god kommunestruktur. I tilrådinga er det og lagt til grunn at det ligg føre ein intensjonsavtale der Sogndal, Leikanger og Balestrand var med i tillegg til Vik. Som omtalt i tilrådinga frå september 2016, er og Luster ein del av eit funksjonelt område for samfunnsutvikling i Sogn og høyrer dermed naturleg saman i ein ny og større kommune med eit regionalt tyngdepunkt for Sogn.

Etter målsettingar med reforma er det særleg to område som vi meiner er rett å omtale nærare etter tilrådinga i september 2016:

1. Kommunane får framover vesentleg fleire eldre som skal ha kommunale tenester

2. Det er no kome nærare avklaringar om konsekvensar av endringar i inntektssystemet, og informasjon om økonomiske verkemiddel for kommunar som slår seg saman. For ein ny kommune av Sogndal, Leikanger og Balestrand betyr det:

  • Gjennom nytt inntektssystem i 2017 får Leikanger ein netto reduksjon på 4,4 mill. kroner og Sogndal ein reduksjon på 2,6 mill. kroner. Ved ei samanslåing vil kommunane få dette kompensert gjennom ei overgangsordning frå 2017, med nye berekningar for 2018 og 2019. Balestrand får ein auke på 1,5 mill. kroner.
  • Ved ei samanslåing får den nye kommunen eit inndelingstilskot i 15 + 5 år frå 2020, som kompenserer for netto reduksjon i basistilskot og regionalpolitiske tilskot. For å illustrere dette er inndelingstilskotet berekna til 38,2 mill. kroner, og er for storleikar som kan bereknast i inntektssystemet 2,5 mill. kroner meir enn reduserte overføringar frå tre til ein ny kommune.
  • Ein ny kommune vil få eit regionsentertilskot, der det til nye kommunar samla er sett av 100 mill. kroner i 2017, og 200 mill. kroner. frå 2018. Tilskot til kvar ny kommune blir kjent etter at nasjonale vedtak om samanslåing er gjort til våren.
  • Ein ny kommune kan òg søkje om tilskot til infrastrukturtiltak. For 2017 er det samla sett av 150 mill. kroner.
  • Ein ny kommune får eit eingongstilskot på 30 mill. kroner og reformstøtte på 5 mill. kroner.