Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Vik kommune med godkjent budsjett

Vik kommune sitt vedtak om budsjett 2016 med låneopptak på 59,2 mill. kroner er godkjent av Fylkesmannen.

Denne saka er skriven før 1.1. 2021 då Fylkesmannen endra namn til Statsforvaltaren.

Publisert 30.03.2016

Vik er Robek-kommune og Fylkesmannen skal føre lovlegkontroll av budsjettvedtak, godkjenne låneopptak og økonomiplan. Budsjettet for 2016 er godkjent med nye låneopptak på 59,2 mill. kroner. Økonomiplanen 2016 – 2019 er i balanse og godkjent.

Som følgje av Terra-saka hadde kommunen eit underskot ved inngangen av 2015 på 36 mill. kroner og ei gjeld til DNB på 152 mill. kroner. Gjelda var omtvista, og etter eit forlik med DNB i juni 2015, vart gjelda redusert og nedbetalt. Det betyr at kommunen ikkje lenger har underskot og kan etter godkjenning av 2015-rekneskapen meldast ut av Robek.

Samla sett planlegg kommunen høge investeringar dei næraste åra. Ein stor del av investeringane er finansiert med lån. Sjølv om kommunen i dag har ei lånegjeld som ligg under den samanliknande Kostra-gruppa, vil kommunen etter investeringsprogrammet fram mot 2019 auke gjelda frå 190 mill. til 320 mill. kroner. Dette er ein stor auke, og fører til at ein større del av inntektene må nyttast til å dekkje renter og avdrag. Dersom kommunen ikkje følgjer opp med tiltak som aukar inntektene, blir det mindre til rådvelde for tenester til innbyggjarane.

Brev til kommunen