Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Vik kommune med godkjent budsjett og økonomiplan

Vik kommune sitt vedtak for økonomiplan 2013 - 2016 og budsjett for 2013 er godkjent av Fylkesmannen. Låneopptak er godkjent med 16,2 mill. kroner. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.03.2013

Kommunestyret har vedteke eit drifts- og investeringsbudsjett i balanse. Det er vedteke innsparingar i tenesteområda på til saman 5,8 mill. kroner. I 2013 legg kommunen opp til eit investeringsbudsjett på 31,4 mill. kroner. Av dette er 25,9 mill. kroner planlagt finansiert med lån, der nye lån utgjer 16,2 mill. kroner og 9,7 mill. kroner er bruk av unytta lånemidlar. Dei største oppgraderingane kjem innanfor skulane og oppvekstsenter, andre kommunale bygg og veganlegg.

Kommunen har ein plan på åtte år for inndekking av akkumulert underskot. Frå 2013 er det fire år att av planen, og det er budsjettert med ei inndekking på 12,6 mill. kroner i 2013.  Inndekking av akkumulert underskot blir fullført innanfor perioden til økonomiplanen, og Terra-saka er forventa avslutta i 2015.

Sjå brev til kommunen -Godkjenning budsjett 2013

Kontaktpersonar