Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Statsbudsjettet 2013 - Sogn og Fjordane

Kommunane i fylket får ein vekst i frie inntekter som samla ligg under landsgjennomsnittet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.10.2012

Veksten er rekna ut i frå rekneskapsprognose for 2012. Nominell vekst samla sett for kommunane i fylket er på 3,4 %, gjennomsnittet for landet er 4,1 %. Anslag på løns- og prisvekst (deflator) i 2013 er på 3,3 %. Det er variasjon mellom kommunane, fire kommunar ligg over landsgjennomsnittet og 22 under. Fylkesmannen har oppsummert hovudpunkta om kommuneøkonomien i eit brev til kommunane (sjå lenkja under). Du kan og lese meir om fylket på nettstaden til Finansdepartementet.

Brev til kommunane

Vekst i frie inntekter 2012-2013

Grafisk framstilt vekst

Omtale endring frie inntekter

Sogn og Fjordane frå vekst RNB 2012 og anslag rekneskap 2012