Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Økonominettverket

Økonominettverket er eit læringsnettverk for kommunale økonomisjefar, økonomimedarbeidarar og den interkommunale revisjonsordninga.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.11.2012

Målet med økonominettverket er å utvikle og betre kvaliteten på økonomi- og rekneskapsarbeidet i kommunane i fylket. Vi ønskjer at kommunane i Sogn og Fjordane skal vere svært dyktige på økonomi- og rekneskapsarbeid.

Økonominettverket har samlingar ein til to gonger i året. Målgruppa for samlingane er økonomisjefar, rekneskaps- og økonomimedarbeidarar og den interkommunale revisjonsordninga.

Nettverket har eit arbeidsutval som har ansvar for å førebu samlingane. Arbeidsutvalet er sett saman av tre økonomisjefar, ein revisor, representant frå NKK lokalt og representantar frå Fylkesmannen.


13.06.2018

Oppsummering frå økonominettverksamlinga 2018

Tema for samlinga var mellom anna økonomi og gjeldsforvaltning, ny Kostra-portal, ny kommunelov og reformer.


19.04.2018

Økonominettverksamling på Leikanger, 4. og 5. juni 2018

Årets samling i økonominettverket er lagt til Leikanger og Statens Hus. Tema for samlinga er mellom anna ny Kostra-portal, gjeld og gjeldsforvaltning, ny kommunelov og kommuneproposisjonen 2019.


09.06.2017

Presentasjonar frå økonominettverket

Tema for samlinga på Sandane 30. og 31. mai var mellom anna finansreglement og rammeverk.


19.04.2017

Samling i økonominettverket, 30. og 31. mai 2017

Årets samling i økonominettverket er lagt til Gloppen hotell på Sandane. Hovudtema for samlinga er finansreglement for kommunane, kommuneproposisjonen 2018, reformer, og omorganisering av revisjonstenestene.


06.06.2016

Oppsummering av økonominettverket i Flåm

Den første dagen av samlinga på Fretheim Hotel vart brukt til orientering av ny kommunelov, status frå 2015 for kommunane, kommuneproposisjon 2017 og nytt inntektssystem, og informasjon om region- og kommunereforma.


18.03.2016

Vårsamling i økonominettverket i Flåm

Årets samling i økonominettverket er lagt til Flåm. Hovudtema for samlinga vert nytt inntektssystem, kommuneproposisjonen 2017, ny kommunelov og kommune- og regionrefom.


09.11.2015

Oppsummering av haustsamling i økonominettverket på Skei

KOSTRA var tema begge dagane på samlinga i økonominettverket 3. og 4. november. Tilsaman 39 personar deltok, dei fleste frå kommunane og revisjonen i fylket.


05.10.2015

Haustsamling i økonominettverket på Skei - 3. og 4. november 2015

Samlinga vert på Thon Hotel Skei, 3. og 4. november. Tema for samlinga er Kostra, organisering og gjennomføring av rapportering og analyse.


10.06.2015

Oppsummering av økonominettverket i Kalvåg

Tilsaman 34 personar frå kommunane og revisjonen var samla til økonominettverksamling i Kalvåg 3. og 4. juni. Hovudtema  for samlinga var pensjon – premie, rekneskap og eigne pensjonsrettar.


15.04.2015

Samling i økonominettverket i Kalvåg - 3. og 4. juni 2015

Vårens samling i økonominettverket er lagt til Knutholmen i Kalvåg.  Hovudtema på samlinga vert pensjon (premie, rekneskap og eigne pensjonsrettar) og kommunereform.


Aktuelt

 

Arbeidsutvalet

Ole Starheim  (Nordfjord)

Nina Haugstad (Sunnfjord)

Ingunn B. Hauge (Sogn)

Geir Hansen (repr. NKK i Sogn og Fj.)

Torill Monsen, Vågsøy  (revisjonen)

Marit Lunde (Fylkesmannen)

Kåre Træen  (Fylkesmannen)

 

Samling 2018:

 4. - 5. juni på Leikanger.

 Overnatting og mat på Sognefjord Hotel. Fagleg del i møterom på Statens Hus.