Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Naustdal kommune med godkjent budsjett og økonomiplan

Naustdal kommune sitt vedtak om budsjett for 2018 med låneopptak på 48,2 mill. kroner er godkjent av Fylkesmannen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.03.2018

Naustdal er Robek-kommune og Fylkesmannen skal føre lovlegkontroll av budsjettvedtak, og godkjenne låneopptak og økonomiplan.

Naustdal kommunestyre har vedteke eit budsjett i balanse, men manglar budsjettering og finansiering av eigenkapitalinnskot til KLP på forventa kr 650 000. Dette må kommunen følgje opp og legge det inn i budsjettrevisjonen for 1. tertial. Det er budsjettert med svake netto driftsresultat, som betyr at det ikkje er moglegheiter til eigenfinansiering av investeringar eller å byggje opp ein reserve for uføresette hendingar som får negative økonomiske konsekvensar. I tillegg er det i økonomiplanen budsjettert med større vekst i frie inntekter enn det nasjonale prognoser tilseier.

Kommunen legg opp til eit investeringsbudsjett i 2018 for anleggsmidlar på 60,1 mill. kroner, av dette skal 48,2 mill. kroner finansierast med lån. I heile økonomiplanperioden planlegg kommunen å ta opp 122 mill. kroner i nye lån, medan avdrag er budsjettert med 55 mill. kroner. Naustdal har høg lånegjeld, og ei ytterlegare auke i lånegjelda fører til at kommunen vil bruke ein større del av driftsinntektene til renter og avdrag. Kommunen blir og meir sårbare for ei eventuell auke i renta.

Fylkesmannen meiner at kommunen til budsjett- og økonomiplan for 2019 - 2022 må sette seg mål om eit netto driftsresultat på minst 1,75 prosent, for å sette av midlar til ein reserve for uføresette hendingar og ha eigne midlar til investeringar. Førebels rekneskapsresultat for kommunen i 2017 viser eit overskot på 5,3 mill. kroner. Vi meiner at kommunen må setje av overskotet til ein driftsreserve eller vurdere å bruke deler av overskotet til finansiering av alt planlagde investeringar. Samla sett vil òg dette vere med å bidra til at nye Sunnfjord kommune får ein sterkare økonomi frå starten av i 2020.

Brev sendt til kommunen er vedlagt.